Fjell, toppar og turstiar

Alle opplevingar – Fjell, toppar og turstiar

20. jun - 14. aug
Frå 150,- per person

Utfluktar i Ulvik sommaren 2022

Tur til Osa og Osafjellet

Osafjellet er eit høgfjellsområde 1.250 moh, om lag 20 km frå Ulvik sentrum. På fine dagar har ein utsikt til Hardangerjøkulen. Vegen er smal og snirklar seg opp mellom fjella.
Osa er ei lita grend ved Osafjorden, der ein finn Hjadlane galleri og Osa Cafe Hardanger Basecamp. Osa er og utgangspunkt for fine fjellturar i Nordalen.

  • Turen går frå Ulvik turistkontor kl 11 tysdag og torsdag
  • Retur frå Hjadlane galleri kl 12.45
  • Tilbake ved turistkontoret om lag kl 13.00

Pris pr person t/r kr 200,-
Barn u 12 år kr 150,-
Ein veg kr 150,-, barn kr 100,-
Billettar må kjøpast på turistkontoret

Rundtur Ulvik – Espelandsdalen – Vallavik – Ulvik

Turen går gjennom den flotte Espelandsdalen der ein passerer Espelandsfossen. Etter å køyrt gjennom den 7 km lange Vallaviktunellen blir det stopp ved Hardangerbrua. Dei som ønskjer kan gå opp på brua.

  • Frå Ulvik turistkontor kl 11 måndag, onsdag og fredag
  • Tilbake på turistkontoret om lag kl 13

Pris pr person t/r kr 200,-
Barn u 12 år kr 150,-
Ein veg kr 150,-
Billettar må kjøpast på turistkontoret

Tjoflot og Oksen

Fjelltoppen Oksen ligg på 1242 moh og du får ein spektakulær utsikt over Hardangerfjorden og områda rundt. Med start på Tjoflot kan ein nytta dette transporttilbodet begge vegar.
Avgang frå Ulvik turistkontor kvar laurdag kl 9 og kl 15.

  • Henting kl 16 på Tjoflot
  • Retur til Ulvik om lag kl 17

Pris pr person t/r kr 200,-
Ein veg kr 150,-
Billettar må kjøpast på turistkontoret

Bestilling

Billettar må kjøpast på turistkontoret.

Romma

Romma våre gir deg det perfekte utgangspunktet for ditt besøk i Hardanger. Me har mange ulike typar rom, alt frå enklare standardrom til større familierom, oppussa rom med vakker fjordutsikt og suitar.

Er du i Hardanger for fyrste gong, anbefaler me sjølvsagt våre rom med balkong og fjordutsikt. Her kan du verkjeleg ta inn omgjevnadane.

Nb! Om du har med deg din firbeinte ven, må du oppgje dette ved bestilling då me har eit svært begrensa antal rom der ein kan ha hund med seg. Ver venleg å ta direkte kontakt med oss.

Opplev Noreg på sitt vakraste

Juni til september
Parkering: kr 50

Frå Oksen har ein storslått utsikt 360 grader til nesten heile Hardanger, til både fjord og fjell: Samlafjorden, Sørfjorden, Eidfjorden, Granvinsfjorden, fjellområda på Voss og i Hardanger. Denne turen kan nesten alle ta, om ein tar seg nok tid til stigninga.

Stien går bratt oppover gjennom granskog. Frå stølen Vindhovden er det utsikt til Samlafjorden og Sørfjorden. Det går vidare bratt oppover. Særleg 400-600 moh. og 800-1100 moh. er det sterk stigning. Frå toppen er det fantastisk utsikt til Samlafjorden, Sørfjorden, Eidfjorden, Granvinsfjorden, fjellområda på Voss og i Hardanger. Legg gjerne turen ut på Veten på den sørlege delen av toppen av Oksen, der er utsikten aller best, og også lokalitet for den gamle varden.

Bruk god tid, og hugs fotografering på veg opp før ein blir for sliten. Hugs å skriva namnet ditt i boka som ligg i postkassen på Oksen. Turen bør ikkje veljast i dårleg ver. Tåke legg seg ofte ned over toppen når det er dårleg ver, og det er vanskeleg å finne rett veg ned att i tåke. Ta med mat og drikke, og varme klede. Det kan være kaldt på toppen.

Ein kan velje å gå vidare ned att til Djønno, Selstad i Granvinsfjorden eller Stokksel i Granvin. Desse løypene er ikkje like godt merka, og ein treng gjerne kart.

Tilkomst og parkering

I rundkjøyringa inne i Vallaviktunnelen på nordsida av Hardangerbrua, ta fyrst av mot Ulvik. Ute av tunellen, i Vallavik, ta av og kjøyr Fv 302 i retning Djønno/Tjoflot, og kjøyr langs fjorden til Tjoflot (ca 17 km). Frå Tjoflot går det ein liten grusveg opp til 250 moh, eigna for personbilar. Det er god plass til parkering ved enden av grusvegen.

Ta hensyn og avpass farten på vegen mellom Vallavik og Tjoflot. Nokre smale parti og gjennomkøyring i tun der barn leikar.

Sesong

Juni til september

Parkering

kr 50

Lengde

12 km

Gradering

Turen har ikkje farlege passasjar, og er mykje brukt og lett å gå på. Det er stigning heile vegen, med to særleg bratte parti 400 – 600 moh. og 800-1100 moh. Dette er difor ein krevjande tur.

Tidsbruk

Frå parkeringsplassen til Oksen tek det frå 2-4 timar å gå ein veg, alt etter fysisk form. Tur-retur må ein rekne 3,5 – 6 timar.

Romma

Romma våre gir deg det perfekte utgangspunktet for ditt besøk i Hardanger. Me har mange ulike typar rom, alt frå enklare standardrom til større familierom, oppussa rom med vakker fjordutsikt og suitar.

Er du i Hardanger for fyrste gong, anbefaler me sjølvsagt våre rom med balkong og fjordutsikt. Her kan du verkjeleg ta inn omgjevnadane.

Nb! Om du har med deg din firbeinte ven, må du oppgje dette ved bestilling då me har eit svært begrensa antal rom der ein kan ha hund med seg. Ver venleg å ta direkte kontakt med oss.

Opplev Noreg på sitt vakraste

Juni-oktober
Gratis

Kvasshovden ligg på 1065 moh. og er ein tur som er populær å gå både for bygdefolket og tilreisande. Kvart år vert det arrangert motbakkeløp i denne trasèen, og fleire kjente idrettsutøvarar har tatt turen.

Deltakarar i løpet har sprunge turen på under 50 minutt. Me oppmodar til å nyta turen i eige tempo frå fjord til fjell med vakker utsikt undervegs. Hugs å skrive namnet ditt i boka på toppen.

Sein snøsmelting kan gje nokre utfordringar undervegs tidleg på året, men dette er elles ei løype som vert godt vedlikeholdt.

Startpunkt

Turen er skilta frå Ulvik sentrum og startar ved Hardanger Guesthouse (Ulvik Camping). Ein kan også køyre ca. 3 km til Børsheim Gard/Kvemmadokkje, kor ein kan parkera gratis.

Avstand og tid

7,5 km ein veg (frå Ulvik sentrum), ca. 6t tur/retur.
Frå Børsheim ca. 4t tur/retur.

Sesong

Juni-oktober

Kart

Vanskegrad

Medium krevjande

Høgdepunkt

På vegen kan du og få med deg 10 utvalde Olav H. Hauge- dikt og ei utruleg flott utsikt.

Tips

Om du ynskjer å delta i det årlege motbakkeløpet som går ein laurdag omlag midt i juli, sjå Ulvik Idrettslag si nettside: www.ulvikil.no

Mulige tillegg

Sjølvsmurt nistepakke kr 130,-. (drikke ikkje inkludert)

Romma

Romma våre gir deg det perfekte utgangspunktet for ditt besøk i Hardanger. Me har mange ulike typar rom, alt frå enklare standardrom til større familierom, oppussa rom med vakker fjordutsikt og suitar.

Er du i Hardanger for fyrste gong, anbefaler me sjølvsagt våre rom med balkong og fjordutsikt. Her kan du verkjeleg ta inn omgjevnadane.

Nb! Om du har med deg din firbeinte ven, må du oppgje dette ved bestilling då me har eit svært begrensa antal rom der ein kan ha hund med seg. Ver venleg å ta direkte kontakt med oss.

Opplev Noreg på sitt vakraste

Juni-september
Gratis

Sommarstølen Jonstøl

På Jonstøl har det vore sommarstøl fram til 1952, men i dag vert den hovudsakleg nytta til sommarbeite for sau og stølsliv. Jonstøl er kanskje ein av dei finaste stølane i bygda og absolutt verd turen opp. Turen er ikkje lang, men kan væra bratt enkelte stader og utsikta mot bygda er skikkeleg flott. Born som er van med å gå i ulendt terreng klarer denne turen som vert skildra ein stad mellom medium og krevjande.

Har ein fyrst kome opp, har ein mest sannsynleg ikkje lyst ned att. Så fint er det der oppe.

Startpunkt

Ein kan gå 2,7 km frå hotellet til Tunheim der turen startar. Her er det mogleg å parkera. Kyr og sauer beitar i området, så ein parkerer på eige ansvar.

Avstand og tid

Turen frå Tunheim til Jonstøl og tilbake er på totalt ca. 8 km og tek om lag 4t. Stigning på ca. 500 moh.

Sesong

Juni-september

Kart

Vanskegrad

Medium til krevjande

Høgdepunkt

Eit utruleg vakkert stølsområde

Mulige tillegg

Sjølvsmurt nistepakke kr 130,-. (drikke ikkje inkludert)

Romma

Romma våre gir deg det perfekte utgangspunktet for ditt besøk i Hardanger. Me har mange ulike typar rom, alt frå enklare standardrom til større familierom, oppussa rom med vakker fjordutsikt og suitar.

Er du i Hardanger for fyrste gong, anbefaler me sjølvsagt våre rom med balkong og fjordutsikt. Her kan du verkjeleg ta inn omgjevnadane.

Nb! Om du har med deg din firbeinte ven, må du oppgje dette ved bestilling då me har eit svært begrensa antal rom der ein kan ha hund med seg. Ver venleg å ta direkte kontakt med oss.

Opplev Noreg på sitt vakraste

Mai-oktober
Gratis

Liavegen rundt med Jobykset utsiktspunkt

Turen er 4 km lang og startar på Tunheim som er eit startpunkt for mange turar i området. Du kan og velja å gå turen frå sentrum for å sleppe å parkere bil.

Alle turane er godt skilta herifrå. Dette er ein lett tur med eit spektakulært utsiktspunkt ned i Osafjorden. Hald eit ekstra auge med borna då utkikkspunktet ikkje er sikra.

Om turen

Turen startar på Tunheim 2,7 km frå hotellet. Om ein vel å gå frå sentrum, går ein langs Frukt-og siderruta for å koma til Tunheim. Fylg så skilting mot Liavegen rundt og Jobykset.

Når du har gått øvre Liavegen gjennom lia og kjem så langt at du ser Osafjorden, kan ein fylja vegen nedover og i svingen gå ut på Jobykset. For å koma tilbake til Liavegen, fylgjer ein berre vegen vidare ned og kan gå attende langs skogsbilvegen til Tunheim.


Video: Hunnålvatn media

Parkering

Kyr og sauer beitar i området, så ein parkerer på eige ansvar.

Avstand og tid

Ca. 4 km totalt.

Kart

Sesong

Mai-oktober

Vanskegrad

Turen er fin å gå for store og små.

Høgdepunkt

Flott utsyn over Ulvik og Osafjorden. Framme på Jobykset kan ein kjenna på adrenalinet når ein kjem frampå med utsikt over fjorden og den veglause garden Sygnestveit som ligg på andre sida.

Mulige tillegg

Sjølvsmurt nistepakke kr 130,-. (drikke ikkje inkludert)

Romma

Romma våre gir deg det perfekte utgangspunktet for ditt besøk i Hardanger. Me har mange ulike typar rom, alt frå enklare standardrom til større familierom, oppussa rom med vakker fjordutsikt og suitar.

Er du i Hardanger for fyrste gong, anbefaler me sjølvsagt våre rom med balkong og fjordutsikt. Her kan du verkjeleg ta inn omgjevnadane.

Nb! Om du har med deg din firbeinte ven, må du oppgje dette ved bestilling då me har eit svært begrensa antal rom der ein kan ha hund med seg. Ver venleg å ta direkte kontakt med oss.

Opplev Noreg på sitt vakraste

Sommar/haust
Gratis

Hallingskeidvegen – ei historisk vandrerute frå Osa til Hallingskeid

I 2020 opna Hallingskeidvegen som historisk vandrerute. Ruta har vore merka som tursti i mange år, og vegen tar deg frå fjorden til høgfjellet. Hallingskeidvegen er ei av mange sleper ein finn i distriktet og vart nytta til å frakte varer og buskap til marknadsplassane, mellom anna på Hallingskeid. Bruken kan daterast tilbake til steinalderen etter funn både ved fjorden og i høgfjellet. Heile stien er eit freda kulturminne.

Om turen

Dette er ein godværstur. Det vil seia at ein ikkje anbefaler turen i regnvær eller rett etter kraftig nedbør. Dette er grunna brattpartiet mellom Osa og Ossete, som er rasutsett.

OBS! Det har gått to større ras over stien, der siste gjekk hausten 2020. Stien er for tida stengt. Ein vil i løpet av våren 2021 / tidleg sommar ta ei vurdering på korleis ein skal rydde og sette i stand stien igjen.

Heile turen til Hallingskeid er ein krevjande tur som krev god kunnskap og godt utstyr. Kart og kompass er naudsynt.

Turen startar i lett terreng innover Norddalen. Dette er eit flott parti som òg høver godt for familiar med born. Ved Osaflorane står det eit grindbygg kor ein kan ete nista si og lese informasjon om turen og området.

Frå Osaflorane startar stigninga, og etter litt kjem ein til trappene som fører ein opp i Galden, som er det brattaste partiet. Ein kan gå om lag halvvegs opp i Galden før ein kjem til der raset har gått. Her kan ein setja seg under heldren og nyte fossebrusa og den frodige dalen.

Når ein er kome opp brattpartiet, snirklar stien seg vidare til Ossete og landskapet opnar seg opp igjen. Her er det frodig, og ein skjønar at dette har vore ein god vår- og hauststøl med godt gras. Vegen vidare mot Hallingskeid går på grei sti og er godt merka. Det er bratt og krevjande, men ein får eit stadig betre utsyn. Vel oppe møter ein eit goldt landskap som er prega av at det ikkje er lenge sidan isen låg her. Etter snørike vintrar ligg det gjerne mykje snø om sommaren, men varderekka viser veg over høgfjellsplatået. I Buadalen ser ein Bergensbanen og Rallarvegen i det fjerne. Ved stikryss mot Rembersdalen blir underlaget mjukare, før ein går siste delen av turen på Rallarvegen fram til Hallingskeid turisthytte og Hallingskeid stasjon.

Avstand og tid

20 km ca. 7t.

Sesong

Sommar og tidleg haust. Det er og dei som gjer turen på ski.

Kart

Vanskegrad

Krevjande

Høgdepunkt

Turen i seg sjølv er spektakulær, og utsikten undervegs er eit vakkert skue frå start til slutt.

Parkering

Dersom du vil inn til Osa og gå i Norrdalen eller til Røykjafossen, kan du parkere i nærleiken til Hjadlane Galleri, der du finn merka parkeringsplass.

Mulige tillegg

Sjølvsmurt nistepakke kr. 130,- (drikke ikkje inkludert)
Transport til/frå Osa-Brakanes Hotel på forespørsel, kr 500,-

Romma

Romma våre gir deg det perfekte utgangspunktet for ditt besøk i Hardanger. Me har mange ulike typar rom, alt frå enklare standardrom til større familierom, oppussa rom med vakker fjordutsikt og suitar.

Er du i Hardanger for fyrste gong, anbefaler me sjølvsagt våre rom med balkong og fjordutsikt. Her kan du verkjeleg ta inn omgjevnadane.

Nb! Om du har med deg din firbeinte ven, må du oppgje dette ved bestilling då me har eit svært begrensa antal rom der ein kan ha hund med seg. Ver venleg å ta direkte kontakt med oss.

Opplev Noreg på sitt vakraste

Juni-oktober
Gratis

Fottur opp Norddalen til stølen Ossete

Osa er ei lita bygdegrend med om lag 40 fastbuande, ca. 1mil frå Ulvik sentrum.

Naturen her inne er til å ta og kjenna på, inneklemt mellom stupbratte fjell, drønnande elver og blikkstille fjord. Frå Osa går turen opp Norddalen til Ossete, eit idyllisk stølsområde på 600 meters høgde. Turen byr på flott utsikt over den vesle bygdegrenda Osa med utsikt over dalane, fossefall og elver. Ossete ligg om lag halvvegs på turen til Hallingskeid.

Partiet kan vera rasutsett, så sjekk status med for eksempel det lokale turistkontoret før du legg ut på tur.

Parkering

I Osa fins fleire stader ein kan parkera, men det beste er nede ved fjorden, eller på Hjadlane.

Startpunkt

I krysset ved busstoppet i Osa tek ein til venstre ca. 1 km oppover. Derifrå tek ein av og fylgjer skiltet innover Norddalen. Stien er godt merka.

Avstand og tid

6 km ein veg. Om lag 4-6 timar totalt. Stigning på ca. 600 høgdemeter.

Sesong

Juni-oktober

Kart

Vanskegrad

Turen til Ossete kan væra utfordrande med bratt terreng og steinurer etter ras.

Høgdepunkt

På turen innover dalen passerer ein koldeholer. Oppover går man delvis i skjerpatrapper og et idyllisk stølsområde er mål for turen.

Mulige tillegg

Selvsmurt nistepakke kr 130,- (drikke ikke inkludert)

Romma

Romma våre gir deg det perfekte utgangspunktet for ditt besøk i Hardanger. Me har mange ulike typar rom, alt frå enklare standardrom til større familierom, oppussa rom med vakker fjordutsikt og suitar.

Er du i Hardanger for fyrste gong, anbefaler me sjølvsagt våre rom med balkong og fjordutsikt. Her kan du verkjeleg ta inn omgjevnadane.

Nb! Om du har med deg din firbeinte ven, må du oppgje dette ved bestilling då me har eit svært begrensa antal rom der ein kan ha hund med seg. Ver venleg å ta direkte kontakt med oss.

Opplev Noreg på sitt vakraste

Juli - september
Gratis

H.M. Dronning Sonja er ein erfaren turgåar og Dronningstien er ein av favorittane i Hardanger. Turen går frå Kinsarvik, ein halv times tid med bil frå Ulvik. Turen går i høgfjellet mellom Kinsarvik og Lofthus med fantastisk utsikt over Sørfjorden. Turen er lang og krevjande med ei bratt nedstigning mot Lofthus. Undervegs går du gjennom skog, høgfjell og frukthagar. Følg grusvegen frå Røte opp til Heng 750 moh. Frå Heng er stien merka med blåe D-ar (D for Dronning). Siste delen av turen, inkludert Munketrappene, ned mot Lofthus er merka med raude T-ar.

Sesong

Juli til midten av september.

Lengde

16 km.

Tid

8 – 9 timar.

Gradering

Krevjande.

Parkering

Mot avgift.

Romma

Romma våre gir deg det perfekte utgangspunktet for ditt besøk i Hardanger. Me har mange ulike typar rom, alt frå enklare standardrom til større familierom, oppussa rom med vakker fjordutsikt og suitar.

Er du i Hardanger for fyrste gong, anbefaler me sjølvsagt våre rom med balkong og fjordutsikt. Her kan du verkjeleg ta inn omgjevnadane.

Nb! Om du har med deg din firbeinte ven, må du oppgje dette ved bestilling då me har eit svært begrensa antal rom der ein kan ha hund med seg. Ver venleg å ta direkte kontakt med oss.

Opplev Noreg på sitt vakraste

Juni - september
Gratis

Trolltunga ligg 1100 moh. om lag 700 meter over Ringedalsvatnet. Her er fantastisk og luftig utsikt! Turen er lang, krevjande og går i høgfjellet. Frå Ulvik til startpunkt for turen er det omlag 2t å køyre.

Det er merka sti til Trolltunga. Frå parkeringsplass P2 i Skjeggedal (hovudstartpunktet) er det 28 km t/r, ein høgdeskilnad på ca. 1200 m og estimert gangtid er 10-12 timar tur/retur. Turen kan og starte frå P1 i Tyssedal og P3 på Mågelitopp. Det går og shuttle-bussar mellom Odda og Skjeggedal, og mellom parkeringsplassane P1, P2 og P3.

Langs stien til Trolltunga er det skilt som viser kor langt du har gått og kor langt det er att. Det er 4G- dekning med Telenor-nett store delar av turen. Fotturen til Trolltunga er anbefalt frå starten av juni (avhengig av når snøen smeltar) og ut september.

Det er viktig å vurdere om ein er i god nok form og har godt nok utstyr. All naturbasert aktivitet er på eige ansvar. Er du uerfaren med krevjande fjellturar bør du være med på guida tur. Trolltunga Active og Trolltunga Adventures tilbyr guida turar. Frå 16. februar kan ein bli med på guida truge- eller skitur med Trolltunga Active.

Sesong

1. juni – 30. september.

Frå 1. oktober – 31. mai med guide.

Parkering

Mot avgift.

Gradering

Ekstra krevjande.

Romma

Romma våre gir deg det perfekte utgangspunktet for ditt besøk i Hardanger. Me har mange ulike typar rom, alt frå enklare standardrom til større familierom, oppussa rom med vakker fjordutsikt og suitar.

Er du i Hardanger for fyrste gong, anbefaler me sjølvsagt våre rom med balkong og fjordutsikt. Her kan du verkjeleg ta inn omgjevnadane.

Nb! Om du har med deg din firbeinte ven, må du oppgje dette ved bestilling då me har eit svært begrensa antal rom der ein kan ha hund med seg. Ver venleg å ta direkte kontakt med oss.

Opplev Noreg på sitt vakraste

Sommar
Gratis

Dette er ein flott tur der du kan oppleve å sjå fossen frå botnen. Ei temmeleg spektakulær oppleving! Startpunkt for turen er i øvre Eidfjord, om lag 45 minutt køyring frå Ulvik.

Parker bilen ved Storegjel, i parkeringslomma mellom 2. og 3. tunnel i Måbødalen (øvre utgang av Måbøtunnellen). Følg gangveg ned på gamlevegen, og følg denne nedover ca. 300 meter. Ved svingen står eit skilt til Vøringsfossen der stien ned til elva byrjar. Følg stien innover og over ei hengebru der du ser fossen. Gå berre ein og ein person over hengebrua. Ver merksam på at det er glatt og ulendt terreng ved fossen på grunn av vannsprut. Stien innover går delvis over ustabil ur, slik at ein må vere forsiktig.

Turen er eigna heile sommaren frå ca. 15. mai til oktober (bør være snøfritt).

Parkering

Fossatromma / Vøringsfoss kafeteria, ca. 17 km frå Eidfjord sentrum langs Rv7. Alternativ parkering ved Storegjel, øvre utgang av Måbøtunellen (ca. 15 km frå Eidfjord sentrum).

Startpunkt

Fossatromma. Gå ned gamlevegen ca. 2 km til du kjem til startpunktet Storegjel med informasjonstavle. Følg gamlevegen vidare ca. 300 meter.  Ved svingen står eit skilt til «Vøringsfossen» der stien ned til elva startar.

Høgd

650 – 400 moh.

Lengd

3,7 km frå Fossatromma. 1,7 km frå Storegjel ein veg.

Tid

2-3 timar frå Fossatromma. 1-1,5 time frå Storegjel (tur/retur).

Sesong

Turen er eigna heile sommaren frå ca. 15. mai til oktober (bør være snøfritt).

Romma

Romma våre gir deg det perfekte utgangspunktet for ditt besøk i Hardanger. Me har mange ulike typar rom, alt frå enklare standardrom til større familierom, oppussa rom med vakker fjordutsikt og suitar.

Er du i Hardanger for fyrste gong, anbefaler me sjølvsagt våre rom med balkong og fjordutsikt. Her kan du verkjeleg ta inn omgjevnadane.

Nb! Om du har med deg din firbeinte ven, må du oppgje dette ved bestilling då me har eit svært begrensa antal rom der ein kan ha hund med seg. Ver venleg å ta direkte kontakt med oss.

Opplev Noreg på sitt vakraste

Året rundt
Frå 280,-

Voss Gondol tek deg strake vegen opp til Hangurstoppen på 820 moh. rett frå Voss sentrum. Her finn du også Hangurstoppen restaurant som serverer heimelaga mat på lokale råvarer.

Bana er den største og mest moderne av sitt slag i Nord-Europa og byr på flott utsikt heile vegen opp.

På toppen får du enda betre utsyn til fjella som omkrinsar bygda. Her finn ein eit turområde som er ypparleg for gåturar og sykkelturar (eller paragliding om du er særskilt vågal). Om vinteren held skisenteret Voss Resort ope med flotte løyper, skiskule og skiutleige.

Opningstider

Open heile året, med skiftande tider etter sesong. Sjå nettsida for oppdaterte opningstider og prisar.

Prisar

Pris for vaksne er kr 425, for ungdom 7-17 år kr 280,-. Familiepris 2 vaksne og 2 barn kr 1.085,-. Sjå nettsida for oppdaterte opningstider og prisar.

Romma

Romma våre gir deg det perfekte utgangspunktet for ditt besøk i Hardanger. Me har mange ulike typar rom, alt frå enklare standardrom til større familierom, oppussa rom med vakker fjordutsikt og suitar.

Er du i Hardanger for fyrste gong, anbefaler me sjølvsagt våre rom med balkong og fjordutsikt. Her kan du verkjeleg ta inn omgjevnadane.

Nb! Om du har med deg din firbeinte ven, må du oppgje dette ved bestilling då me har eit svært begrensa antal rom der ein kan ha hund med seg. Ver venleg å ta direkte kontakt med oss.

Opplev Noreg på sitt vakraste

Opplev Noreg
på sitt vakraste