Kurs & konferanse

Vi hjelper deg med å skreddersy ditt arrangement, alt etter behov og budsjett.

Konferansesenteret

Konferansesenteret har fasilitetar for både små og store møter og konferansar og topp moderne teknisk utstyr. I tillegg til vår nyoppussa plenumssal (400 m2) har vi mange møterom og grupperom for mindre arrangement.

Kapasitet

  • Sal A: 100 i klasseromsoppsett / 135 i kinooppsett / 135 i amfi
  • Sal B: 100 i klasseromsoppsett / 115 i kinooppsett
  • Sal A/B: 280 i kinooppsett med eller utan amfi
  • Sal A/B (bankett): 280 på langbord
  • Rom 43: 40 i klasseromsoppsett / 55 i kinooppsett
  • Grupperom: 3 grupperom med plass til høvesvis 35, 20 og 15 personar
  • Fellesareal: Store og fleksible lokale med gode moglegheiter for messe/utstilling

Rom 43 kan òg delast inn i 5 mindre grupperom med plass til ca. 10 personar.

Fasilitetar

  • Projektor og lerret + mikrofonar og myggar i sal A/B  – storsalen har òg teleslynge
  • Projektor og lerret i alle møte- og grupperom
  • Flipover og whiteboards
  • Berbar PC til utlån
  • Kaffi/te/vatn

Vi hjelper deg

Vi samarbeider tett med lokale aktørar og kan by på ei rekke spanande aktivitetar og opplevingar knytta til arrangementet og oppmuntrar alle våre gjester til å sette av litt tid til å oppleve det Ulvik har å by på.

Vi hjelper deg med å sette saman det perfekte arrangementet og organiserer alt i frå museumsbesøk, sidersmaking, glasblåsing og lagbyggingsaktivitetar. Spør oss om råd så sett vi saman eit opplegg tilpassa ditt budsjett og behov. Arrangementet ditt er i trygge hender hos oss.

Send førespurnad

Send oss ei melding og fortel oss litt om arrangementet ditt, så kjem vi tilbake til deg.

Eg ynskjer å få tilsendt info om hotellets aktivitetstilbod.

Eit besøk til Hardanger er ikkje komplett utan ein tur innom Frukt- og siderruta eller brevandring på Hardangerjøkulen.

Romma

Romma våre gir deg det perfekte utgangspunktet for ditt besøk i Hardanger.

Opplev Noreg på sitt vakraste