Kvasshovden
Ein flott tur for heile familien, og for dei som vil springe motbakkeløp!
Juni-oktober
Gratis
Kvasshovden opp
Kvasshovden ligg på 1065 moh. og er ein tur som er populær å gå både for bygdefolket og tilreisande. Kvart år vert det arrangert motbakkeløp i denne trasèen, og fleire kjente idrettsutøvarar har tatt turen.
Deltakarar i løpet har sprunge turen på under 50 minutt. Me oppmodar til å nyta turen i eige tempo frå fjord til fjell med vakker utsikt undervegs. Hugs å skrive namnet ditt i boka på toppen.
Sein snøsmelting kan gje nokre utfordringar undervegs tidleg på året, men dette er elles ei løype som vert godt vedlikeholdt.
Startpunkt
Turen er skilta frå Ulvik sentrum og startar ved Hardanger Guesthouse (Ulvik Camping). Ein kan også køyre ca. 3 km til Børsheim Gard/Kvemmadokkje, kor ein kan parkera gratis.
Avstand og tid
Ein flott tur for heile familien, og for dei som vil springe motbakkeløp!
Juni-oktober
Gratis
7,5 km ein veg (frå Ulvik sentrum), ca. 6t tur/retur.
Frå Børsheim ca. 4t tur/retur.
Sesong
Ein flott tur for heile familien, og for dei som vil springe motbakkeløp!
Juni-oktober
Gratis
Juni-oktober
Kart
Ein flott tur for heile familien, og for dei som vil springe motbakkeløp!
Juni-oktober
Gratis
Vanskegrad
Ein flott tur for heile familien, og for dei som vil springe motbakkeløp!
Juni-oktober
Gratis
Medium krevjande
Høgdepunkt
Ein flott tur for heile familien, og for dei som vil springe motbakkeløp!
Juni-oktober
Gratis
På vegen kan du og få med deg 10 utvalde Olav H. Hauge- dikt og ei utruleg flott utsikt.
Tips
Ein flott tur for heile familien, og for dei som vil springe motbakkeløp!
Juni-oktober
Gratis
Om du ynskjer å delta i det årlege motbakkeløpet som går ein laurdag omlag midt i juli, sjå Ulvik Idrettslag si nettside: www.ulvikil.no
Mulige tillegg
Ein flott tur for heile familien, og for dei som vil springe motbakkeløp!
Juni-oktober
Gratis
Sjølvsmurt nistepakke kr 130,-. (drikke ikkje inkludert)
Romma
Romma våre gir deg det perfekte utgangspunktet for ditt besøk i Hardanger. Me har mange ulike typar rom, alt frå enklare standardrom til større familierom, oppussa rom med vakker fjordutsikt og suitar.
Er du i Hardanger for fyrste gong, anbefaler me sjølvsagt våre rom med balkong og fjordutsikt. Her kan du verkjeleg ta inn omgjevnadane.
Nb! Om du har med deg din firbeinte ven, må du oppgje dette ved bestilling då me har eit svært begrensa antal rom der ein kan ha hund med seg. Ver venleg å ta direkte kontakt med oss.
Recent Comments