Historisk vandrerute Osa – Hallingskeid

Historisk vandrerute frå Osa til Hallingskeid

Sommar/haust

Gratis

Sommar/haust
Gratis

Hallingskeidvegen – ei historisk vandrerute frå Osa til Hallingskeid

I 2020 opna Hallingskeidvegen som historisk vandrerute. Ruta har vore merka som tursti i mange år, og vegen tar deg frå fjorden til høgfjellet. Hallingskeidvegen er ei av mange sleper ein finn i distriktet og vart nytta til å frakte varer og buskap til marknadsplassane, mellom anna på Hallingskeid. Bruken kan daterast tilbake til steinalderen etter funn både ved fjorden og i høgfjellet. Heile stien er eit freda kulturminne.

Om turen

Dette er ein godværstur. Det vil seia at ein ikkje anbefaler turen i regnvær eller rett etter kraftig nedbør. Dette er grunna brattpartiet mellom Osa og Ossete, som er rasutsett.

OBS! Det har gått to større ras over stien, der siste gjekk hausten 2020. Stien er for tida stengt. Ein vil i løpet av våren 2021 / tidleg sommar ta ei vurdering på korleis ein skal rydde og sette i stand stien igjen.

Heile turen til Hallingskeid er ein krevjande tur som krev god kunnskap og godt utstyr. Kart og kompass er naudsynt.

Turen startar i lett terreng innover Norddalen. Dette er eit flott parti som òg høver godt for familiar med born. Ved Osaflorane står det eit grindbygg kor ein kan ete nista si og lese informasjon om turen og området.

Frå Osaflorane startar stigninga, og etter litt kjem ein til trappene som fører ein opp i Galden, som er det brattaste partiet. Ein kan gå om lag halvvegs opp i Galden før ein kjem til der raset har gått. Her kan ein setja seg under heldren og nyte fossebrusa og den frodige dalen.

Når ein er kome opp brattpartiet, snirklar stien seg vidare til Ossete og landskapet opnar seg opp igjen. Her er det frodig, og ein skjønar at dette har vore ein god vår- og hauststøl med godt gras. Vegen vidare mot Hallingskeid går på grei sti og er godt merka. Det er bratt og krevjande, men ein får eit stadig betre utsyn. Vel oppe møter ein eit goldt landskap som er prega av at det ikkje er lenge sidan isen låg her. Etter snørike vintrar ligg det gjerne mykje snø om sommaren, men varderekka viser veg over høgfjellsplatået. I Buadalen ser ein Bergensbanen og Rallarvegen i det fjerne. Ved stikryss mot Rembersdalen blir underlaget mjukare, før ein går siste delen av turen på Rallarvegen fram til Hallingskeid turisthytte og Hallingskeid stasjon.

Avstand og tid

Historisk vandrerute frå Osa til Hallingskeid

Sommar/haust

Gratis

20 km ca. 7t.

Sesong

Historisk vandrerute frå Osa til Hallingskeid

Sommar/haust

Gratis

Sommar og tidleg haust. Det er og dei som gjer turen på ski.

Kart

Historisk vandrerute frå Osa til Hallingskeid

Sommar/haust

Gratis

Vanskegrad

Historisk vandrerute frå Osa til Hallingskeid

Sommar/haust

Gratis

Krevjande

Høgdepunkt

Historisk vandrerute frå Osa til Hallingskeid

Sommar/haust

Gratis

Turen i seg sjølv er spektakulær, og utsikten undervegs er eit vakkert skue frå start til slutt.

Parkering

Historisk vandrerute frå Osa til Hallingskeid

Sommar/haust

Gratis

Dersom du vil inn til Osa og gå i Norrdalen eller til Røykjafossen, kan du parkere i nærleiken til Hjadlane Galleri, der du finn merka parkeringsplass.

Mulige tillegg

Historisk vandrerute frå Osa til Hallingskeid

Sommar/haust

Gratis

Sjølvsmurt nistepakke kr. 130,- (drikke ikkje inkludert)
Transport til/frå Osa-Brakanes Hotel på forespørsel, kr 500,-

Romma

Romma våre gir deg det perfekte utgangspunktet for ditt besøk i Hardanger. Me har mange ulike typar rom, alt frå enklare standardrom til større familierom, oppussa rom med vakker fjordutsikt og suitar.

Er du i Hardanger for fyrste gong, anbefaler me sjølvsagt våre rom med balkong og fjordutsikt. Her kan du verkjeleg ta inn omgjevnadane.

Nb! Om du har med deg din firbeinte ven, må du oppgje dette ved bestilling då me har eit svært begrensa antal rom der ein kan ha hund med seg. Ver venleg å ta direkte kontakt med oss.

Opplev Noreg på sitt vakraste