Mat og drikke

Hardanger har ein lokal mat- og drikkekultur med lange tradisjonar. Vi serverer nydeleg og kortreist mat laga på heilt ferske, lokale råvarer.

Restauranten

I restauranten vår «Draumen «kan du nyte både ureist og kortreist mat og drikke med fantastisk fjordutsikt heile året. Dei siste åra har me knytt oss opp til mange lokale produsentar både i Hardanger og i regionen elles. I sommarsesongen trillar me nyplukka grønsaker frå Undeland Gard i Ulvik rett frå åkeren og inn på kjøkenet; det kallar me ureist!

Vel noko spanande frå vår à la carte-meny eller finn deg ein godbit frå vår lunsjmeny som byr på alt i frå burger til blåskjell.

Vi byr òg på selskapsmenyar til festlege høve, hardangerbuffet til større grupper, catering og sjølvsagt jolemat når den tida kjem.

Middag på brygga

Velkomen til duk og dekka bord på bryggekanten, omkransa av fjord, grøne bakkar og stolte fjell. Me skreddarsyr meny og drikke for inntil 20 personar og byr på råvarer, service og oppleving i perfekt harmoni på bryggekanten i vakraste Ulvik.

På forespursel skreddarsyr me denne opplevinga, ta kontakt med christer.oekland@fjordtindhotels.no

Kvemmadokkje
husmannsplass

På gamlevegen mellom Ulvik og Granvin finn du på fagre Børsheim gard Kvemmadokkje husmannsplass. I vakre, naturlege omgjevnader skreddarsyr me mat- og drikkeopplevingar i grindbygget for grupper frå 6-20 personar. For ei unik oppleving i kyndige hender, ta kontakt for pris.

Ta kontakt med:
trine@fjordtindhotels.no

Eit besøk til Hardanger er ikkje komplett utan ein tur innom Frukt- og siderruta eller brevandring på Hardangerjøkulen.

Samarbeidspartnarar –  drikke

Hardanger Saft- og siderfabrikk i Ulvik
Saft, sider, likør og eplebrennevin.

Åkre Gard på Nå
Leverandør av Edel Is-sider.

Ulvik Frukt&Cideri
Leverandør av eplemost og sider med stort smaksspekter.

Alde Gard på Nå
Leverandør av Alde sider.

Kveik Brygghus – Ulvik
Produsent av øl.

Aga Sideri på Nå
Leverandør av Humlepung eplesider

Voss Bryggeri
Leverandør av ulike typar øl.

En Liten Øl, Fitjar
Leverandør av ulike typar øl.

Ægir Bryggeri
Leverandør av øl.

Samarbeidspartnarar –  mat

Undeland Gard
Andelslandbruk i Ulvik kor vi får levert ferske og nyplukka grønsaker og urter gjennom heile sesongen. Hausta om morgonen, trilla ned bakkane og servert på tallerkane litt utpå dagen.

Homlagarden i Øystese
Leverandør av prisvinnande kylling og kalkun.

Kàdn & alde – Ulvik
Bakeri.

Hanasand
Landets største leverandør av deilige tomater.

Glitne Kveite
Dette er sakte mat på sitt beste! I landbasserte basseng, sym kveita rundt i vatn henta frå 100 meters djup i opptil 4 år.

Syse Gard
Leverandør av spekekjøt, kjøt og pølser av sau produsert på garden samt fersk frukt og ulike typar syltetøy og hermetiske dessertar.

Larsastova i Folkedal
Leverandør av ulike typar slakt og kjøttprodukt av høg kvalitet.

Røldal geitostysteri
Geitost.

Vossakjøt – Voss
Pølser.

Ostegården
Ost av lokale råvarer og godt handverk.

Romma

Romma våre gir deg det perfekte utgangspunktet for ditt besøk i Hardanger. Me har mange ulike typar rom, alt frå enklare standardrom til større familierom, oppussa rom med vakker fjordutsikt og suitar.

Er du i Hardanger for fyrste gong, anbefaler me sjølvsagt våre rom med balkong og fjordutsikt. Her kan du verkjeleg ta inn omgjevnadane.

Nb! Om du har med deg din firbeinte ven, må du oppgje dette ved bestilling då me har eit svært begrensa antal rom der ein kan ha hund med seg. Ver venleg å ta direkte kontakt med oss.

Opplev Noreg på sitt vakraste