Oksen

Topptur til Oksen 1241 moh.

Juni til september

Parkering: kr 50

Juni til september
Parkering: kr 50

Frå Oksen har ein storslått utsikt 360 grader til nesten heile Hardanger, til både fjord og fjell: Samlafjorden, Sørfjorden, Eidfjorden, Granvinsfjorden, fjellområda på Voss og i Hardanger. Denne turen kan nesten alle ta, om ein tar seg nok tid til stigninga.

Stien går bratt oppover gjennom granskog. Frå stølen Vindhovden er det utsikt til Samlafjorden og Sørfjorden. Det går vidare bratt oppover. Særleg 400-600 moh. og 800-1100 moh. er det sterk stigning. Frå toppen er det fantastisk utsikt til Samlafjorden, Sørfjorden, Eidfjorden, Granvinsfjorden, fjellområda på Voss og i Hardanger. Legg gjerne turen ut på Veten på den sørlege delen av toppen av Oksen, der er utsikten aller best, og også lokalitet for den gamle varden.

Bruk god tid, og hugs fotografering på veg opp før ein blir for sliten. Hugs å skriva namnet ditt i boka som ligg i postkassen på Oksen. Turen bør ikkje veljast i dårleg ver. Tåke legg seg ofte ned over toppen når det er dårleg ver, og det er vanskeleg å finne rett veg ned att i tåke. Ta med mat og drikke, og varme klede. Det kan være kaldt på toppen.

Ein kan velje å gå vidare ned att til Djønno, Selstad i Granvinsfjorden eller Stokksel i Granvin. Desse løypene er ikkje like godt merka, og ein treng gjerne kart.

Tilkomst og parkering

I rundkjøyringa inne i Vallaviktunnelen på nordsida av Hardangerbrua, ta fyrst av mot Ulvik. Ute av tunellen, i Vallavik, ta av og kjøyr Fv 302 i retning Djønno/Tjoflot, og kjøyr langs fjorden til Tjoflot (ca 17 km). Frå Tjoflot går det ein liten grusveg opp til 250 moh, eigna for personbilar. Det er god plass til parkering ved enden av grusvegen.

Ta hensyn og avpass farten på vegen mellom Vallavik og Tjoflot. Nokre smale parti og gjennomkøyring i tun der barn leikar.

Sesong

Topptur til Oksen 1241 moh.

Juni til september

Parkering: kr 50

Juni til september

Parkering

Topptur til Oksen 1241 moh.

Juni til september

Parkering: kr 50

kr 50

Lengde

Topptur til Oksen 1241 moh.

Juni til september

Parkering: kr 50

12 km

Gradering

Topptur til Oksen 1241 moh.

Juni til september

Parkering: kr 50

Turen har ikkje farlege passasjar, og er mykje brukt og lett å gå på. Det er stigning heile vegen, med to særleg bratte parti 400 – 600 moh. og 800-1100 moh. Dette er difor ein krevjande tur.

Tidsbruk

Topptur til Oksen 1241 moh.

Juni til september

Parkering: kr 50

Frå parkeringsplassen til Oksen tek det frå 2-4 timar å gå ein veg, alt etter fysisk form. Tur-retur må ein rekne 3,5 – 6 timar.

Romma

Romma våre gir deg det perfekte utgangspunktet for ditt besøk i Hardanger. Me har mange ulike typar rom, alt frå enklare standardrom til større familierom, oppussa rom med vakker fjordutsikt og suitar.

Er du i Hardanger for fyrste gong, anbefaler me sjølvsagt våre rom med balkong og fjordutsikt. Her kan du verkjeleg ta inn omgjevnadane.

Nb! Om du har med deg din firbeinte ven, må du oppgje dette ved bestilling då me har eit svært begrensa antal rom der ein kan ha hund med seg. Ver venleg å ta direkte kontakt med oss.

Opplev Noreg på sitt vakraste