Brakanes Hotel

By Fjordtind

Meir enn berre ein stad å overnatte

Brakanes Hotel har funne sin plass som eit av Hardanger sine fremste turist- og konferansehotell, og er i dag eit kjent og kjært hotell både for norske og utanlandske gjester.

Samarbeidet med lokale aktørar er særskilt viktig. Vi jobbar saman for å kunne tilby våre gjester ekte og nære opplevingar.

Våren 2015 vart Ulvik Herad godkjent som den fjerde Cittaslow-kommunen i landet, i eit nettverk som framhevar berekraftige samfunn i 25 land verda over. Brakanes Hotel tar del i arbeidet med å ivareta Ulvik sin særeigne karakter, gjennom auka fokus på miljø og lokal produksjon.

Brakanes Hotel og Brakanes Kurs – og konferansesenter er ein del av Fjordtind Hotels.

Frå skyssstasjon til storhotell

Turisteventyret på Brakanes Hotel vart starta i 1860 av skysskaren Sjur som dreiv lokal skysstasjon som formidla skyss av både folk og varer.

Dottera Kari og mannen Hans Lindebrække overtok hotellet i 1884 og utvida hotellet med fleire nye rom.

Med betre samferdsel mellom Norge og England auka turisttrafikken i 1880-åra og i 1891 kom den fyrste store utvidinga på Brakanes. Hotellet kunne då by på 50 senger, og fasaden fekk all den ”staffasje” og flotte utskjeringar som kjenneteikna sveitserstilen som var så karakteristisk for hotell på denne tida.

Då Kari døydde i 1902, var det dei 2 døtrene fru Marta Nielsen (f. Lindebrække) og frk. Sara Lindebrække som frå 1907 tok over hotelldrifta og førte tradisjonen vidare (difor namnet Sara & Marta Dancing).

Ulvik var på den tida svært isolert, men i 1901 fekk bygda vegsamband med Granvin og Voss og med det auka antal gjestedøger på hotellet. I åra fram til fyrste verdskrig var det ein periode med livleg turisttrafikk med mange flåtebesøk, lystyachtar og cruiseskip som tok turen til Ulvik.

I 1928 – 1930 vart hotellet igjen utvida og modernisert med sanitæranlegg, fleire rom, større spisesal og kjøken. Fasaden vart også pussa opp og den gamle stilen vart erstatta av eit meir moderne arkitektonisk uttrykk.

Om morgonen den 25.april 1940 kom det ubodne gjester til Ulvik. Fem tyske motortorpedobåtar og ein minesveipar skaut Ulvik i brann og Brakanes Hotel var mellom dei 51 bygningane som gjekk opp i flammer.

Lindebrække-familien aksepterte ikkje den tragedien som ramma hotellet, og Brakanes Hotel skulle reisa seg igjen frå oska, men det vart fyrst i form av eit pensjonat bak branntomta som vart bygd i 1949.

Turismen tok seg snart opp att og pensjonatet sin kapasitet vart for liten. Det nye hotellet, bygd etter teikningar av den kjende bergensarkitekten Kristian Bjerknes, stod ferdig 8. mai 1952. Hotellet vart innvia 9. mai med 124 senger og 44 rom med eigne bad.

Etter mange tunge driftsår for hotellet i 70-åra og etter at hotellet hadde vore i familien Lindebrække i 120 år, valde dei å legge hotellet ut for sal i 1980. Familien Pedersen var med å la inn bod på hotellet, men tapte fyrste runde og hotellet vart overteke av hotellkjeda Müller Hotell. I 1982 leigde familien Pedersen hotellet av Müllergruppen, og enda til slutt med å kjøpe hotellet.

Ombygg, påbygg, restaurering og utnytting av loftsetasjen sørga for at 74 rom vart til 106. Hotellet vart medlem i InterNor-kjeda saman med Grand Hotel, Oslo og Hotel Norge i Bergen. Men det var framleis ikkje nok plass, og hotellet vart bygd på enda meir, og stod i 1995 ferdig med totalt 143 rom.

Ulvik konferansesenter vart bygd i 1988 på tomta der Brakanes pensjonat stod. Dette prosjektet var eit pilotprosjekt der både det offentlege og det private jobba saman. Nokre år seinare vart konferansesenteret ein del av hotellet, og dei neste 20 åra gjekk forretninga godt og Brakanes Hotel vart eit ynda reisemål både i samband med ferie, messer og konferansar.

På 2000-talet vart det vanskelegare å drive distriktshotell, særleg på konferansemarknaden der flyplasshotella byrja å utgjera stor konkurranse.

Etter ein periode der Brakanes Hotel Group vart utvida med fleire hotell fram til 2015-2016, leid hotella så store tap at dei gjekk konkurs. Brakanes Hotel vart kjøpt av DnB Bank og drifta av Stay Tuned Hospitality der Björn Kovacs var eigar og styreleiar.

Björn Kovacs og Ole Lilland kjøpte Brakanes Hotel i 2018 og eig og driv hotellet i dag. Brakanes har fått namnet Brakanes by Fjordtind og rom, fellesareal, konferansesenter og uteområde har gått gjennom store utbetringar, blant anna oppussing av resepsjon og restaurant Draumen i 2021. Samstundes fekk hotellet ein ny profil med nye mat- og drikkekonsept og ny nettside.

Fjordtind Hotels har også leasing-avtalar for Vøringfoss Hotel i Eidfjord og Hardangerfjord Hotel i Øystese. Fjordtind Hotels er under stadig utvikling og ynskjer å vera ein god arbeidsplass og eit godt vertskap for besøkjande ved alle høve.

brakanes-hotel-5

Eit besøk til Hardanger er ikkje komplett utan ein tur innom Frukt- og siderruta eller brevandring på Hardangerjøkulen.

Romma

Romma våre gir deg det perfekte utgangspunktet for ditt besøk i Hardanger. Me har mange ulike typar rom, alt frå enklare standardrom til større familierom, oppussa rom med vakker fjordutsikt og suitar.

Er du i Hardanger for fyrste gong, anbefaler me sjølvsagt våre rom med balkong og fjordutsikt. Her kan du verkjeleg ta inn omgjevnadane.

Nb! Om du har med deg din firbeinte ven, må du oppgje dette ved bestilling då me har eit svært begrensa antal rom der ein kan ha hund med seg. Ver venleg å ta direkte kontakt med oss.

Opplev Noreg på sitt vakraste