Familie

Alle opplevingar – Familie

20. jun - 14. aug
Frå 150,- per person

Utfluktar i Ulvik sommaren 2022

Tur til Osa og Osafjellet

Osafjellet er eit høgfjellsområde 1.250 moh, om lag 20 km frå Ulvik sentrum. På fine dagar har ein utsikt til Hardangerjøkulen. Vegen er smal og snirklar seg opp mellom fjella.
Osa er ei lita grend ved Osafjorden, der ein finn Hjadlane galleri og Osa Cafe Hardanger Basecamp. Osa er og utgangspunkt for fine fjellturar i Nordalen.

  • Turen går frå Ulvik turistkontor kl 11 tysdag og torsdag
  • Retur frå Hjadlane galleri kl 12.45
  • Tilbake ved turistkontoret om lag kl 13.00

Pris pr person t/r kr 200,-
Barn u 12 år kr 150,-
Ein veg kr 150,-, barn kr 100,-
Billettar må kjøpast på turistkontoret

Rundtur Ulvik – Espelandsdalen – Vallavik – Ulvik

Turen går gjennom den flotte Espelandsdalen der ein passerer Espelandsfossen. Etter å køyrt gjennom den 7 km lange Vallaviktunellen blir det stopp ved Hardangerbrua. Dei som ønskjer kan gå opp på brua.

  • Frå Ulvik turistkontor kl 11 måndag, onsdag og fredag
  • Tilbake på turistkontoret om lag kl 13

Pris pr person t/r kr 200,-
Barn u 12 år kr 150,-
Ein veg kr 150,-
Billettar må kjøpast på turistkontoret

Tjoflot og Oksen

Fjelltoppen Oksen ligg på 1242 moh og du får ein spektakulær utsikt over Hardangerfjorden og områda rundt. Med start på Tjoflot kan ein nytta dette transporttilbodet begge vegar.
Avgang frå Ulvik turistkontor kvar laurdag kl 9 og kl 15.

  • Henting kl 16 på Tjoflot
  • Retur til Ulvik om lag kl 17

Pris pr person t/r kr 200,-
Ein veg kr 150,-
Billettar må kjøpast på turistkontoret

Bestilling

Billettar må kjøpast på turistkontoret.

Romma

Romma våre gir deg det perfekte utgangspunktet for ditt besøk i Hardanger. Me har mange ulike typar rom, alt frå enklare standardrom til større familierom, oppussa rom med vakker fjordutsikt og suitar.

Er du i Hardanger for fyrste gong, anbefaler me sjølvsagt våre rom med balkong og fjordutsikt. Her kan du verkjeleg ta inn omgjevnadane.

Nb! Om du har med deg din firbeinte ven, må du oppgje dette ved bestilling då me har eit svært begrensa antal rom der ein kan ha hund med seg. Ver venleg å ta direkte kontakt med oss.

Opplev Noreg på sitt vakraste

Sommar
Gratis

Familietid i Holmen

Innerst i Ulvikpollen, om lag 3 km frå hotellet ligg Holmen-området som er eit attraktivt område særleg om sommaren, perfekt for familiar. Her finn ein langgrunn badestrand med stupebrygge og flytande hoppetårn, sandvolleyballbane samt idrettsbane med tennisbane, løpebane og grasmatte. Like ved finn du også Ulvik Vasskiklubb som køyrer onsdag, laurdag og søndag i sommarsesongen.

Praktisk informasjon

For å spele sandvolleyball eller fotball, må du ha med ball sjølv. Du må også ha med tennisutstyr sjølv for å ta i bruk banen.

Parkering

Gratis og gode parkeringstilhøve.

Toalett

Gratis, offentleg toalett

Romma

Romma våre gir deg det perfekte utgangspunktet for ditt besøk i Hardanger. Me har mange ulike typar rom, alt frå enklare standardrom til større familierom, oppussa rom med vakker fjordutsikt og suitar.

Er du i Hardanger for fyrste gong, anbefaler me sjølvsagt våre rom med balkong og fjordutsikt. Her kan du verkjeleg ta inn omgjevnadane.

Nb! Om du har med deg din firbeinte ven, må du oppgje dette ved bestilling då me har eit svært begrensa antal rom der ein kan ha hund med seg. Ver venleg å ta direkte kontakt med oss.

Opplev Noreg på sitt vakraste

Heile året
Frå 300,- per person

Syse Gard – oppleving for heile familien

Gro og Hans er femte generasjon som driv garden på Syse. Garden ligg fint til på ei høgd midt i Frukt-og Siderruta med flott utsikt over heile bygda.

I ei omvisning får du sjå og høyra historia om garden, om gardstradisjonar og kultur, om samspelet med naturen og korleis dei lever. På garden har dei eit stort utsal, og undervegs i omvisinga får du sjå og læra korleis produkta blir laga. Alt frå fenalår og pølse til syltetøy og dessertar, eplemost og den tradisjonelle Hardangersideren. Kan hende vert det råd med litt smaking undervegs også.

Om sommaren har dei også kafè, slik at du kan få deg ein matbit undervegs i opplevinga på Frukt- og siderruta.

For bedrifter, lag og organisasjonar kan ein kombinera omvising med innlagt møte og få servert måltid med heimalaga gardsmat!

Gardsutsal

Ope mandag-laurdag heile året. (Sjå nettside for oppdaterte tider – sysegard.no)

Omvisning for grupper

Kan bestillast gjennom hotellet heile året.
Pris omvisnig 1-9 stk. 4000,-.
Pris omvising 10 stk. og oppover. kr 400,- pr. stk. Under 18 år kr 200,-

Omvisning for individuelle

Faste omvisningar i forkant og etterkant av sommarsesongen,
laurdagar kl. 15.30:
13.mai                 Syse Gard
3.juni                    Hardanger Saft og siderfabrikk
10.juni                  Ulvik Frukt og cideri
26.august            Ulvik Frukt og Cideri
2.september       Hardanger Saft-og siderfabrikk
9.september       Syse Gard
16.september    Ulvik Frukt og cideri
23.september    Hardanger Saft og siderfabrikk
30.september    Syse Gard

Omvisning bestillast på www.tastehardanger.com og kostar kr 400,-
Barn 0-6 år: gratis / 7-17 år: halv pris.

Utanom sesong når det ikkje er faste omvisningar, tilbyr alle gardane siderfjøl kvar dag mandag til laurdag, som gjer at du kan smake og lære meir om dei ulike sidrane.

Faste omvisningar kvar dag mandag til lørdag om sommaren frå midten av juni til midten av august, klokka 12.30 og kl. 15.00.
Omvisning bestillast på www.tastehardanger.com og kostar kr 400,-
Barn 0-6 år: gratis / 7-17 år: halv pris.

Dei tre gardane langs Frukt-og siderruta har fordelt omvisningane seg i mellom på følgende måte:

Mandag til lørdag kl. 12.30: Ulvik Frukt & Cideri
Mandag til lørdag kl. 15.00: Syse Gard
Mandag til lørdag kl. 15.00: Hardanger Saft- og siderfabrikk

Syse Gard har også kafè 11.00-16.00 mandag til lørdag om sommaren.

Sesong

Gardsutsalet er ope heile året, og dei tek stort sett imot grupper på omvisning året rundt, i tillegg til omvisningar ein kan melde seg på om sommaren gjennom www.tastehardanger.com

Kart og parkering

Ca. 30 min. å gå frå hotellet. Parkering i tunet.

Transport

Hotellet tilbyr minibuss på førehandsbestilling eller kan bestille stor buss om de er mange.

Kapasitet og tid

Maks 80 personar på omvising. Maks 50 personar til bespisning.
Ei omvisning med smaksprøvar tek ein times tid. Rekn inntil 1,5t om du ynskjer å handla i gardsutsalet. Kombiner gjerne med besøk på dei andre gardane som ligg i gåavstand.

Passar for

Heile familien, bedrifter og individuelt reisande.

Nettside

Romma

Romma våre gir deg det perfekte utgangspunktet for ditt besøk i Hardanger. Me har mange ulike typar rom, alt frå enklare standardrom til større familierom, oppussa rom med vakker fjordutsikt og suitar.

Er du i Hardanger for fyrste gong, anbefaler me sjølvsagt våre rom med balkong og fjordutsikt. Her kan du verkjeleg ta inn omgjevnadane.

Nb! Om du har med deg din firbeinte ven, må du oppgje dette ved bestilling då me har eit svært begrensa antal rom der ein kan ha hund med seg. Ver venleg å ta direkte kontakt med oss.

Opplev Noreg på sitt vakraste

Sommar
Frå 100,- per person

Vasski og leik på Ulvikafjorden

Bli med på ei fartsfyllt oppleving på fjorden på vannski, med fast grep i sofaen flygande like over vassflata, eller på bananbåt der sjansen for å verta våt er stor. Perfekt for familiar og par, små venegjengar eller firma.

Ulvik Vass-Skiklubb vart stifta i 1981 av ein gjeng med lokale ungdomar og nokon utanbygdingar. Klubben held til i Holmen, like ved badestranda og idrettsbana. Fleire lokale utøvarar har hevda seg i norgestoppen opp gjennom tidene, og ekstra stas var det å arrangera NM i 1995.

Dei siste åra har klubben gått over til å bli meir ein klubb som tilbyr køyring for turistar og familiar med instruktørar og båførarar som har god kjennskap og erfaring.

Sesong

Normalt sett frå mai til september.

Køyretider

Onsdag 18-21, Laurdag 12-18, Sundag 13-18.

Kapasitet og tidsbruk

Ved kjøring av vannski/wakeboard er det normalt sett ein person om gongen som får prøva seg. For tube/bananbåt/sofa kan rundt 5 vera med.

Nokon kan også vera med i båten, t.d. for å ta bilder.

Tidsbruk for 1 tur

Ca. 5-10 min (turen går normalt sett frå anlegget til UVSK i Holmen og ut til Brakanes Hotel før returen går tilbake til Holmen). Ved bestilling for grupper er det mogleg at køyring startar/sluttar ved Brakanes Hotel.

Bestilling og prisar

Individuelle kan møte opp i Holmen i opningstidene. Om de er mindre grupper som ynskjer å bestilla, kan de gjera det gjennom hotellet, eller som melding på Ulvik Vass-skiklubb si Facebook-side. Det kan vera mulig å få til kjøring for forhåndsbestillte grupper utanom åpningstidene.

Junior – Vannski/Wakeboard: 150 kr
Senior – Vannski/Wakeboard: 250 kr
Tube: Maks 4 pers – 100 kr pr. pers
Banan: Maks 5 pers – 100 kr pr. pers
Sofa: Maks 8 pers – 100 kr pr. pers

Passar for

Alle aktivitetar passar for barn, ungdom og vaksne.

Praktisk info

Ulvik Vass-Skiklubb stiller med våtdrakter og vest så langt det lar seg gjere. Under alle våtdrakter skal det benyttes shorts/bikini.

Romma

Romma våre gir deg det perfekte utgangspunktet for ditt besøk i Hardanger. Me har mange ulike typar rom, alt frå enklare standardrom til større familierom, oppussa rom med vakker fjordutsikt og suitar.

Er du i Hardanger for fyrste gong, anbefaler me sjølvsagt våre rom med balkong og fjordutsikt. Her kan du verkjeleg ta inn omgjevnadane.

Nb! Om du har med deg din firbeinte ven, må du oppgje dette ved bestilling då me har eit svært begrensa antal rom der ein kan ha hund med seg. Ver venleg å ta direkte kontakt med oss.

Opplev Noreg på sitt vakraste

Juni - august
Varierer

Mikkelparken ligg i Kinsarvik, ein halvtime med bil frå Ulvik. Mikkelparken byr på eit eldorado med underhaldning for dei mellom 1 til 12 år med leik og show.

Her kan du leike med vatn i badelandet, køyre bumpebåtar og fjernstyrte bilar, helse på dyra i Mikkelgarden, køyre Mikkeltoget eller utforske jungelløypa.

  • Show og dokketeater med Mikkel og venene hans
  • Innandørs leikeland SkoSkogen og Karibia
  • Badelandet Tropefryd med basseng og rutsjebanar
  • Klatring og leik i Jungelløypa
  • Skattejakt med gullgraving
  • Dyreparken Mikkelgarden

På grunn av smitteverntiltak må alle billettar bestillast på forhånd. Begrensa antal, ver ute i god tid.

Praktisk

30 minutt i bil frå Ulvik.

Passar for

Familiar.

Kapasitet

Begrensa pga. Covid-19. Hugs å bestilla på førehand!

Parkering

Ja.

Ladestasjon

Ja.

Romma

Romma våre gir deg det perfekte utgangspunktet for ditt besøk i Hardanger. Me har mange ulike typar rom, alt frå enklare standardrom til større familierom, oppussa rom med vakker fjordutsikt og suitar.

Er du i Hardanger for fyrste gong, anbefaler me sjølvsagt våre rom med balkong og fjordutsikt. Her kan du verkjeleg ta inn omgjevnadane.

Nb! Om du har med deg din firbeinte ven, må du oppgje dette ved bestilling då me har eit svært begrensa antal rom der ein kan ha hund med seg. Ver venleg å ta direkte kontakt med oss.

Opplev Noreg på sitt vakraste

Heile året
Frå 1 500,- per person

Syse Glas – glasblåsing

Glasblåsar Silje Syse held til i det gamle handelslagsbygget i Ulvik sentrum med glasblåseri og utsal.

Silje har drive med glasblåsing sidan ho byrja som lærling i Bergen i 2006 og opna eige blåseri i Ulvik i 2015. Ho kombinerer glasblåsarjobben med livet som småbarnsmor og fruktbonde.

I blåseriet kan gjester få vera med på ulike aktivitetar som bestillast gjennom Silje på førehand. Du kan også droppa innom og vera med på kuleblåsing.

Demo + kuleblåsing

Silje held ein liten blåsedemo på ca. 30 minutt. Etterpå får de blåsa eigne kuler.

Minikurs for 2 pers

I løpet av omlag ein time får de ei bittelita innføring i glasblåsing og får prøve litt sjølv. Det er litt opp til ein sjølv kor mykje hjelp ein ynskjer, men me har som mål at det skal bli i allefall 1 glasprodukt til slutt.

Design ditt eige produkt

Du bestemmer form og farge på glaset. Hugs at glasblåsing er eit stort fag og at det er ikkje alt som kan lagast i alle blåseri. Det er fint om du har tenkt litt på førehand, men vent med sjølve designjobben til du er i blåseriet.

Gravering av skål

Du teiknar eller skriv på skåla og Silje graverer oppå strekane dine. Om du heller ynskjer noko anna enn ei skål, kan du finna eit anna produkt i butikken.

Prisar

Demo kuleblåsing: 1.500 kr inkluderer 4 kuler. 250kr per ekstra kule.

Under koronapandemien kan kun demo-delen av dette tilbudet gjennomførast. Prisen er då 750kr i opningstida og 1.500kr på ettermiddag/helg.

Minikurs 2 personar: 2.000kr

Dette er ikkje eit kurs som kan gjennomførast under koronapandemien

Design ditt eige produkt:

Stetteglas: 750kr

Vase: 950kr

Drikkeglas/skål: 500kr

Gravering av skål:

Pris: 500 kr (inkluderer ei fin skål i klart glas)

Vil du heller gravere på noko anna du finn i butikken, kostar gravering 150kr i tillegg til det produktet du har valgt kostar.

Aldersgrense

5 år. Born under 10 år må vera i fylgje med ein vaksen

Adresse

Tyssevikvegen 11, 5730 Ulvik

PS

PS! Glas vert forma og blåst ved høg varme og treng lang avkjølingstid for å ikkje sprekke. Produkta vert sett i ein avkjølingsomn som kjøler glasa sakte over natta og dei kan difor ikkje hentast før neste arbeidsdag. Har du ikkje mogelegheit til å henta, er det ikkje noko problem å sende i posten mot porto. Dei blir godt pakka!

Romma

Romma våre gir deg det perfekte utgangspunktet for ditt besøk i Hardanger. Me har mange ulike typar rom, alt frå enklare standardrom til større familierom, oppussa rom med vakker fjordutsikt og suitar.

Er du i Hardanger for fyrste gong, anbefaler me sjølvsagt våre rom med balkong og fjordutsikt. Her kan du verkjeleg ta inn omgjevnadane.

Nb! Om du har med deg din firbeinte ven, må du oppgje dette ved bestilling då me har eit svært begrensa antal rom der ein kan ha hund med seg. Ver venleg å ta direkte kontakt med oss.

Opplev Noreg på sitt vakraste

Heile året
vossbowling.no

Voss Bowling og leikeland

Eit slag bowling er perfekt for innedagar og får som regel opp konkurranseinstinktet hjå heile familien! Hjå Voss Bowling finn du 8 bowlingbanar, biljardbord og restaurant med mykje god mat og drikke på menyen.

Her finn du også eit stort og spanande leikeland for borna på 300 kvadratmeter, med sklier, klatrebanar og mykje anna som held borna aktive lenge. Passar for born i alderen ca. 2-12 år.

Passar for

Bowling passer for alle bortsett frå dei heilt minste. Leikelandet passar for barn mellom ca. 2-12 år.

Praktisk informasjon

Voss Bowling og leikeland finn du midt i Voss sentrum, ein halvtimes køyring frå Ulvik.

Adresse/GPS-koordinater

Parkering

Mot avgift like utanfor eller parkeringshus like ved.

Prisar

Prisar og opningstider finn du på: vossbowling.no

Romma

Romma våre gir deg det perfekte utgangspunktet for ditt besøk i Hardanger. Me har mange ulike typar rom, alt frå enklare standardrom til større familierom, oppussa rom med vakker fjordutsikt og suitar.

Er du i Hardanger for fyrste gong, anbefaler me sjølvsagt våre rom med balkong og fjordutsikt. Her kan du verkjeleg ta inn omgjevnadane.

Nb! Om du har med deg din firbeinte ven, må du oppgje dette ved bestilling då me har eit svært begrensa antal rom der ein kan ha hund med seg. Ver venleg å ta direkte kontakt med oss.

Opplev Noreg på sitt vakraste

Vår/sommar/haust
Frå 499,- per person

Klatrepark, zipline og juvvandring

Voss active var i si tid grunnleggar av Ekstremsportveko, og tilbyr i dag massevis av aktivitetar for dei som ynskjer ei lita ekstra utfordring og litt spenning i kvardagen. Her er eit knippe utval av det me kan anbefale.

Klatreparken

I klatreparken finn du både zipline og klatrepark for liten (over 100 cm og 140 cm) og stor. Ein kan kjøpa zipline og klatrepark kvar for seg, men det kjekkaste er å få med seg alt.

Dei små løypene passar for dei som synes dei store løypene blir for tøffe. Mor og far kan vera med frå bakken eller i løypa. Løypene er varierte, morosame og utfordrande for barn så vel som vaksne. I parken finn du fleire stader der familien kan samlast for måltid som de har med i sekken.

  • Praktisk: Parken ligg 14 km nord for Voss i retning Sogn. Følg E16 og ta av til høgre 1,8 km etter Tvinde Camping. Frå parkering er det ca. 5 minutt gange til parken.
  • Opningstider: Kvar dag 19. juni – 29. august og kvar helg frå midten av mai til midten av oktober frå 10.00-15.00.
  • Prisar: Stor løype + zipline kr 499,-. Mini løype + zipline kr 299,- per pers.

Familierafting

Familierafting er perfekt for familiar med barn under 15 år – og for dei som trur Strandaelva blir for tøff. Ein får prøve både store, stødige båtar som tek opp til 8 deltakarar, og små 2-mannsraftar (Duckies) for dei som vil ha ei større utfordring. Vi lovar mykje bading og moro for alle!

  • Sesong: Mai-oktober
  • Prisar og opningstider: Kl. 09.30-14.30. Born kr 620,- per pers.
    Vaksne (15+) kr 830,- per pers

Juvvandring

Juvvandring er for dei over 15 år med god fysisk helse og gode symjeevner. Iført våtdrakt, hjelm og redningsvest vekslar du på å symje, klatre og hoppe langs med elva i juvet. Du får oppleve digre jettegryter, naturlege vassklier, små stryk og krystallklare kulpar.

Juving er berre tilgjengeleg når elvane har for lite vatn til å gjennomføre raftingturane, (vanlegvis seint på sommaren)

  • Sesong: Juli-august
  • Prisar og opningstider: 10.00 og 15.00. kr 1190,- i skuldersesong og kr 1350,- i juni-aug.

Bestilling og oppdaterte prisar

Adresse/GPS-koordinater

Romma

Romma våre gir deg det perfekte utgangspunktet for ditt besøk i Hardanger. Me har mange ulike typar rom, alt frå enklare standardrom til større familierom, oppussa rom med vakker fjordutsikt og suitar.

Er du i Hardanger for fyrste gong, anbefaler me sjølvsagt våre rom med balkong og fjordutsikt. Her kan du verkjeleg ta inn omgjevnadane.

Nb! Om du har med deg din firbeinte ven, må du oppgje dette ved bestilling då me har eit svært begrensa antal rom der ein kan ha hund med seg. Ver venleg å ta direkte kontakt med oss.

Opplev Noreg på sitt vakraste

Året rundt
Frå 280,-

Voss Gondol tek deg strake vegen opp til Hangurstoppen på 820 moh. rett frå Voss sentrum. Her finn du også Hangurstoppen restaurant som serverer heimelaga mat på lokale råvarer.

Bana er den største og mest moderne av sitt slag i Nord-Europa og byr på flott utsikt heile vegen opp.

På toppen får du enda betre utsyn til fjella som omkrinsar bygda. Her finn ein eit turområde som er ypparleg for gåturar og sykkelturar (eller paragliding om du er særskilt vågal). Om vinteren held skisenteret Voss Resort ope med flotte løyper, skiskule og skiutleige.

Opningstider

Open heile året, med skiftande tider etter sesong. Sjå nettsida for oppdaterte opningstider og prisar.

Prisar

Pris for vaksne er kr 425, for ungdom 7-17 år kr 280,-. Familiepris 2 vaksne og 2 barn kr 1.085,-. Sjå nettsida for oppdaterte opningstider og prisar.

Romma

Romma våre gir deg det perfekte utgangspunktet for ditt besøk i Hardanger. Me har mange ulike typar rom, alt frå enklare standardrom til større familierom, oppussa rom med vakker fjordutsikt og suitar.

Er du i Hardanger for fyrste gong, anbefaler me sjølvsagt våre rom med balkong og fjordutsikt. Her kan du verkjeleg ta inn omgjevnadane.

Nb! Om du har med deg din firbeinte ven, må du oppgje dette ved bestilling då me har eit svært begrensa antal rom der ein kan ha hund med seg. Ver venleg å ta direkte kontakt med oss.

Opplev Noreg på sitt vakraste

Heile året
Frå 799,- per person

Vindtunnel på Voss

I ein vindtunnel kan ein oppleva å fly i trygge og kontrollerte omgjevingar, heilt som på ekte. Den eldste som har flydd i tunnelen er 94 år gamal, og den nedre aldersgrensa er 5 år. Mange tenker at å fly i vindtunnel må vera ekstremsport, men det er det ikkje. Flyging i vindtunnelen er ein aktivitet som må prøvast, som gir eit adrenalinkick du kan leva på ei heil stund.

Praktisk informasjon

Du treng ingen forkunnskapar for å fly. Alle nybegynnarpakkane omfattar instruksjon, leige av utstyr og ein instruktør som følgjer deg heile tida.

Bestilling

Les meir og bestill på vossvind.no

Prisar

Grunnpakke 3 minutt flygetid fordelt på 2×1,5 minutt kr 799,-
Familie med inntil 4 personar med samla flygetid på 10 minutt kr 2.199,-

Parkering

Gratis på utsida av bygget

Romma

Romma våre gir deg det perfekte utgangspunktet for ditt besøk i Hardanger. Me har mange ulike typar rom, alt frå enklare standardrom til større familierom, oppussa rom med vakker fjordutsikt og suitar.

Er du i Hardanger for fyrste gong, anbefaler me sjølvsagt våre rom med balkong og fjordutsikt. Her kan du verkjeleg ta inn omgjevnadane.

Nb! Om du har med deg din firbeinte ven, må du oppgje dette ved bestilling då me har eit svært begrensa antal rom der ein kan ha hund med seg. Ver venleg å ta direkte kontakt med oss.

Opplev Noreg på sitt vakraste

Opplev Noreg
på sitt vakraste