Vasski og leik på Ulvikafjorden

Superkjekke aktivitetar for dei som syns vatn og fart er ein kul kombinasjon!

Sommar

Frå 100,- per person

Sommar
Frå 100,- per person

Vasski og leik på Ulvikafjorden

Bli med på ei fartsfyllt oppleving på fjorden på vannski, med fast grep i sofaen flygande like over vassflata, eller på bananbåt der sjansen for å verta våt er stor. Perfekt for familiar og par, små venegjengar eller firma.

Ulvik Vass-Skiklubb vart stifta i 1981 av ein gjeng med lokale ungdomar og nokon utanbygdingar. Klubben held til i Holmen, like ved badestranda og idrettsbana. Fleire lokale utøvarar har hevda seg i norgestoppen opp gjennom tidene, og ekstra stas var det å arrangera NM i 1995.

Dei siste åra har klubben gått over til å bli meir ein klubb som tilbyr køyring for turistar og familiar med instruktørar og båførarar som har god kjennskap og erfaring.

Sesong

Superkjekke aktivitetar for dei som syns vatn og fart er ein kul kombinasjon!

Sommar

Frå 100,- per person

Normalt sett frå mai til september.

Køyretider

Superkjekke aktivitetar for dei som syns vatn og fart er ein kul kombinasjon!

Sommar

Frå 100,- per person

Onsdag 18-21, Laurdag 12-18, Sundag 13-18.

Kapasitet og tidsbruk

Superkjekke aktivitetar for dei som syns vatn og fart er ein kul kombinasjon!

Sommar

Frå 100,- per person

Ved kjøring av vannski/wakeboard er det normalt sett ein person om gongen som får prøva seg. For tube/bananbåt/sofa kan rundt 5 vera med.

Nokon kan også vera med i båten, t.d. for å ta bilder.

Tidsbruk for 1 tur

Superkjekke aktivitetar for dei som syns vatn og fart er ein kul kombinasjon!

Sommar

Frå 100,- per person

Ca. 5-10 min (turen går normalt sett frå anlegget til UVSK i Holmen og ut til Brakanes Hotel før returen går tilbake til Holmen). Ved bestilling for grupper er det mogleg at køyring startar/sluttar ved Brakanes Hotel.

Bestilling og prisar

Superkjekke aktivitetar for dei som syns vatn og fart er ein kul kombinasjon!

Sommar

Frå 100,- per person

Individuelle kan møte opp i Holmen i opningstidene. Om de er mindre grupper som ynskjer å bestilla, kan de gjera det gjennom hotellet, eller som melding på Ulvik Vass-skiklubb si Facebook-side. Det kan vera mulig å få til kjøring for forhåndsbestillte grupper utanom åpningstidene.

Junior – Vannski/Wakeboard: 150 kr
Senior – Vannski/Wakeboard: 250 kr
Tube: Maks 4 pers – 100 kr pr. pers
Banan: Maks 5 pers – 100 kr pr. pers
Sofa: Maks 8 pers – 100 kr pr. pers

Passar for

Superkjekke aktivitetar for dei som syns vatn og fart er ein kul kombinasjon!

Sommar

Frå 100,- per person

Alle aktivitetar passar for barn, ungdom og vaksne.

Praktisk info

Superkjekke aktivitetar for dei som syns vatn og fart er ein kul kombinasjon!

Sommar

Frå 100,- per person

Ulvik Vass-Skiklubb stiller med våtdrakter og vest så langt det lar seg gjere. Under alle våtdrakter skal det benyttes shorts/bikini.

Romma

Romma våre gir deg det perfekte utgangspunktet for ditt besøk i Hardanger. Me har mange ulike typar rom, alt frå enklare standardrom til større familierom, oppussa rom med vakker fjordutsikt og suitar.

Er du i Hardanger for fyrste gong, anbefaler me sjølvsagt våre rom med balkong og fjordutsikt. Her kan du verkjeleg ta inn omgjevnadane.

Nb! Om du har med deg din firbeinte ven, må du oppgje dette ved bestilling då me har eit svært begrensa antal rom der ein kan ha hund med seg. Ver venleg å ta direkte kontakt med oss.

Opplev Noreg på sitt vakraste