Klatrepark, zipline og juvvandring

Utfordringar for heile familien står i kø når ein legg ut på eventyr med Voss Active.

Sommar

Frå 499,- per person

Vår/sommar/haust
Frå 499,- per person

Klatrepark, zipline og juvvandring

Voss active var i si tid grunnleggar av Ekstremsportveko, og tilbyr i dag massevis av aktivitetar for dei som ynskjer ei lita ekstra utfordring og litt spenning i kvardagen. Her er eit knippe utval av det me kan anbefale.

Klatreparken

I klatreparken finn du både zipline og klatrepark for liten (over 100 cm og 140 cm) og stor. Ein kan kjøpa zipline og klatrepark kvar for seg, men det kjekkaste er å få med seg alt.

Dei små løypene passar for dei som synes dei store løypene blir for tøffe. Mor og far kan vera med frå bakken eller i løypa. Løypene er varierte, morosame og utfordrande for barn så vel som vaksne. I parken finn du fleire stader der familien kan samlast for måltid som de har med i sekken.

  • Praktisk: Parken ligg 14 km nord for Voss i retning Sogn. Følg E16 og ta av til høgre 1,8 km etter Tvinde Camping. Frå parkering er det ca. 5 minutt gange til parken.
  • Opningstider: Kvar dag 19. juni – 29. august og kvar helg frå midten av mai til midten av oktober frå 10.00-15.00.
  • Prisar: Stor løype + zipline kr 499,-. Mini løype + zipline kr 299,- per pers.

Familierafting

Familierafting er perfekt for familiar med barn under 15 år – og for dei som trur Strandaelva blir for tøff. Ein får prøve både store, stødige båtar som tek opp til 8 deltakarar, og små 2-mannsraftar (Duckies) for dei som vil ha ei større utfordring. Vi lovar mykje bading og moro for alle!

  • Sesong: Mai-oktober
  • Prisar og opningstider: Kl. 09.30-14.30. Born kr 620,- per pers.
    Vaksne (15+) kr 830,- per pers

Juvvandring

Juvvandring er for dei over 15 år med god fysisk helse og gode symjeevner. Iført våtdrakt, hjelm og redningsvest vekslar du på å symje, klatre og hoppe langs med elva i juvet. Du får oppleve digre jettegryter, naturlege vassklier, små stryk og krystallklare kulpar.

Juving er berre tilgjengeleg når elvane har for lite vatn til å gjennomføre raftingturane, (vanlegvis seint på sommaren)

  • Sesong: Juli-august
  • Prisar og opningstider: 10.00 og 15.00. kr 1190,- i skuldersesong og kr 1350,- i juni-aug.

Bestilling og oppdaterte prisar

Utfordringar for heile familien står i kø når ein legg ut på eventyr med Voss Active.

Sommar

Frå 499,- per person

vossactive.no

Adresse/GPS-koordinater

Utfordringar for heile familien står i kø når ein legg ut på eventyr med Voss Active.

Sommar

Frå 499,- per person

Nedkvitnesvegen 25, 5710 Skulestadmo

Romma

Romma våre gir deg det perfekte utgangspunktet for ditt besøk i Hardanger. Me har mange ulike typar rom, alt frå enklare standardrom til større familierom, oppussa rom med vakker fjordutsikt og suitar.

Er du i Hardanger for fyrste gong, anbefaler me sjølvsagt våre rom med balkong og fjordutsikt. Her kan du verkjeleg ta inn omgjevnadane.

Nb! Om du har med deg din firbeinte ven, må du oppgje dette ved bestilling då me har eit svært begrensa antal rom der ein kan ha hund med seg. Ver venleg å ta direkte kontakt med oss.

Opplev Noreg på sitt vakraste