Utfluktar i Ulvik sommaren 2022

Alle turane går i perioden 20. juni til 14. august.

Sommar

Frå 150,-

20. jun - 14. aug
Frå 150,- per person

Utfluktar i Ulvik sommaren 2022

Tur til Osa og Osafjellet

Osafjellet er eit høgfjellsområde 1.250 moh, om lag 20 km frå Ulvik sentrum. På fine dagar har ein utsikt til Hardangerjøkulen. Vegen er smal og snirklar seg opp mellom fjella.
Osa er ei lita grend ved Osafjorden, der ein finn Hjadlane galleri og Osa Cafe Hardanger Basecamp. Osa er og utgangspunkt for fine fjellturar i Nordalen.

  • Turen går frå Ulvik turistkontor kl 11 tysdag og torsdag
  • Retur frå Hjadlane galleri kl 12.45
  • Tilbake ved turistkontoret om lag kl 13.00

Pris pr person t/r kr 200,-
Barn u 12 år kr 150,-
Ein veg kr 150,-, barn kr 100,-
Billettar må kjøpast på turistkontoret

Rundtur Ulvik – Espelandsdalen – Vallavik – Ulvik

Turen går gjennom den flotte Espelandsdalen der ein passerer Espelandsfossen. Etter å køyrt gjennom den 7 km lange Vallaviktunellen blir det stopp ved Hardangerbrua. Dei som ønskjer kan gå opp på brua.

  • Frå Ulvik turistkontor kl 11 måndag, onsdag og fredag
  • Tilbake på turistkontoret om lag kl 13

Pris pr person t/r kr 200,-
Barn u 12 år kr 150,-
Ein veg kr 150,-
Billettar må kjøpast på turistkontoret

Tjoflot og Oksen

Fjelltoppen Oksen ligg på 1242 moh og du får ein spektakulær utsikt over Hardangerfjorden og områda rundt. Med start på Tjoflot kan ein nytta dette transporttilbodet begge vegar.
Avgang frå Ulvik turistkontor kvar laurdag kl 9 og kl 15.

  • Henting kl 16 på Tjoflot
  • Retur til Ulvik om lag kl 17

Pris pr person t/r kr 200,-
Ein veg kr 150,-
Billettar må kjøpast på turistkontoret

Bestilling

Alle turane går i perioden 20. juni til 14. august.

Sommar

Frå 150,-

Billettar må kjøpast på turistkontoret.

Romma

Romma våre gir deg det perfekte utgangspunktet for ditt besøk i Hardanger. Me har mange ulike typar rom, alt frå enklare standardrom til større familierom, oppussa rom med vakker fjordutsikt og suitar.

Er du i Hardanger for fyrste gong, anbefaler me sjølvsagt våre rom med balkong og fjordutsikt. Her kan du verkjeleg ta inn omgjevnadane.

Nb! Om du har med deg din firbeinte ven, må du oppgje dette ved bestilling då me har eit svært begrensa antal rom der ein kan ha hund med seg. Ver venleg å ta direkte kontakt med oss.

Opplev Noreg på sitt vakraste