Selskap & bryllaup

Intimt selskap eller storslått fest – gjer dagen uforgløymeleg på Brakanes Hotel.

Med fjord og fjell som
bakteppe

Brakanes Hotel har lokale som passar til alle typar selskap, store som små. Med fjord og fjell som bakteppe garanterer vi ei oppleving du seint vil gløyme.

Hardanger har ein lokal mat- og drikkekultur med lange tradisjonar. Vi serverer nydeleg og kortreist mat laga på heilt ferske, lokale råvarer. Vel blant ein av våre menyar eller skreddarsy ditt eige festmåltid.

Selskapslokale

Restauranten på Brakanes Hotel er stor og open med nydeleg panoramautsikt ut over fjordlandskapet.

  • Restauranten har kapasitet på inntil 280 personar, men kan òg seksjonerast
  • Konferansesenteret kan gjeste inntill 300

Vi har òg fleire separate selskapslokale i ulike storleikar som er egna for bryllaup, jubileum, konfirmasjon eller andre selskap.

Mat og drikke

Eit tett og godt samarbeid med lokale produsentar gjer at vi kan servere nydeleg mat laga på ferske, lokale råvarer. Vi har òg egne festmenyar som kan bestillast på førehand.

Julebord

Vårt tradisjonsrike julebord er kjend for skikkeleg god heimelaga mat. Kvart år lagar kjøkkenet vårt pinnekjøtt, svinerull, lammerull, og mykje anna godt etter dei same oppskriftene som «sjefskokka» brukte for over 40 år sidan.

Bryllaup

Hardanger og Ulvik er nasjonalromantikken si høgborg, og perfekte omgivnader for den spesielle dagen – enten du ynskjer eit storslått selskap med mange gjester eller føretrekker ei meir intim feiring med dei aller næraste.

Brakanes Hotel har lang erfaring som vertskap for både små og store bryllaup og du får tett oppfølging og hjelp til all planlegging og tilrettelegging. Den store dagen er i trygge hender hos oss.

Send førespurnad

Send oss ei melding og fortel oss litt om arrangementet ditt, så kjem vi tilbake til deg.

Eit besøk til Hardanger er ikkje komplett utan ein tur innom Frukt- og siderruta eller brevandring på Hardangerjøkulen.

Opplev Noreg på sitt vakraste