Dette er suiten for deg som vil unne deg noko ekstra når du vitjar Hardanger. Fjordsuiten er bygd over 3 plan der du finn stova på 1. plan, bad og garderobe på 2. plan og soverom på 3. plan. Soverommet har stor dobbeltseng, flatskjerm og panoramavindu frå golv til tak. I stova er det sofagruppe og lenestolar til 4 personar, flatskjerm, skrivebord og utgang til balkong.
Fjordsuiten vert ofte nytta som bryllupssuite eller når ein vil gjere ekstra stas på jubilantar ved tilstelningar og feiringar.
Suiten er røykfri, men har balkong.
Fasilitetar
Balkong med fjordutsikt
King Size dobbeltseng
Bad med boblebad og bedè
Hårfønar
Bygd over 3 plan
Minikjøleskap
Buksepresse
Morgenkåper
2 50” flatskjermar
Kaffimaskin og vannkokar
Telefon – til internt bruk
Gratis Wi-Fi
Stangelandsuiten
Stangelandsuiten er vår største suite og låner namnet frå billedkunstnaren og forfattaren Stig Stangeland som har utsmykka suiten. Soverommet har eige bad med boblebad og bidé. Stova er romsleg med sofagruppe til fire personar og spisebord med plass til seks personar. Alt i alt kan suiten nyttast som møtestad for opptil 14 personar og passar derfor òg ypperleg for kurs, firmaturar, familiearrangement eller møter der ein har behov for meir plass.
Stangelandsuiten er røykfri men har 2 balkongar.
Fasilitetar
2 balkongar
Fjordutsikt
King Size dobbeltseng
2 bad med boblebad og bedè
Hårfønar
Konferansebord
2 Minikjøleskap
Separat stove og soverom
Buksepresse
Morgenkåper
1 x 26” og 1 x 32” flatskjerm
Vatnkokar med kaffi og te
Telefon – til internt bruk
Gratis Wi-Fi
Juniorsuiten
Juniorsuiten er meir beskjeden i storleik enn våre andre suiter, men har dei same gode fasilitetane. Utgang til den romslege balkongen finner du både i oppholdsrommet og soverommet. Få ting kan måle seg med å trekke frå gardinene om morgonen og kvile augene på fjorden.
Juniorsuiten er røykfri men har stor balkong.
Fasiliteter
Balkong
Fjordutsikt
King Size dobbeltseng
Bad med badekar
Hårfønar
Separat stove og soverom
Morgenkåper
TV
Vatnkokar med kaffi og te
Telefon – til internt bruk
Gratis Wi-Fi
Eit besøk til Hardanger er ikkje komplett utan ein tur innom Frukt- og siderruta eller brevandring på Hardangerjøkulen.
Romma
Romma våre gir deg det perfekte utgangspunktet for ditt besøk i Hardanger. Me har mange ulike typar rom, alt frå enklare standardrom til større familierom, oppussa rom med vakker fjordutsikt og suitar.
Er du i Hardanger for fyrste gong, anbefaler me sjølvsagt våre rom med balkong og fjordutsikt. Her kan du verkjeleg ta inn omgjevnadane.
Nb! Om du har med deg din firbeinte ven, må du oppgje dette ved bestilling då me har eit svært begrensa antal rom der ein kan ha hund med seg. Ver venleg å ta direkte kontakt med oss.