Turløype til Solsæ

Idyllisk tur i flott natur.

Vinter

Gratis

Vinter
Vinter

Turløype til Solsæ

I tilslutning til lysløypeanlegget på Drevtjørn er det også ei 14 km(t/r) lang turløype, Solsævegen. Den flotte turløypa vert trakka med maskin gjennom heile vinteren og er sikra med høge rekkverk på bruer og farlege parti, og høver for heile familien.

Fine plassar langs løypa der ein kan ta pause, tenna bål og nyta flott natur, og i enden av vatnet ligg det ein støl der det er fint å slå leir før ein tek turen attende same vegen.

PS! Om du lagar bål eller tenner eingongsgrill, vær snill og rydd opp før du dreg vidare.

Passar for

Idyllisk tur i flott natur.

Vinter

Gratis

Alle med ski på beina. Eller pulk for dei aller minste.

Parkering

Idyllisk tur i flott natur.

Vinter

Gratis

Gratis parkering til denne skiløypa kjem du til nokre hundre meter før den store parkeringa på Drevtjørn, på motsett side av vegen der turløypa startar.

Romma

Romma våre gir deg det perfekte utgangspunktet for ditt besøk i Hardanger. Me har mange ulike typar rom, alt frå enklare standardrom til større familierom, oppussa rom med vakker fjordutsikt og suitar.

Er du i Hardanger for fyrste gong, anbefaler me sjølvsagt våre rom med balkong og fjordutsikt. Her kan du verkjeleg ta inn omgjevnadane.

Nb! Om du har med deg din firbeinte ven, må du oppgje dette ved bestilling då me har eit svært begrensa antal rom der ein kan ha hund med seg. Ver venleg å ta direkte kontakt med oss.

Opplev Noreg på sitt vakraste