Strandidyll i hotellhagen

Sandstrand, solstolar, trampoline på fjorden, lunsj på bryggekanten og badminton på plenen - kva meir kan ein ynskje?

Sommar

Gratis

Sommar
Gratis

Strandidyll i hotellhagen

Ute i den fredlege hagen kan familien boltre seg på varme sommardagar. Vår eiga sandstrand, fleire brygger, store plenar og solstolar i massevis, her er plass til alle!

Bad frå strandkanten med dei minste eller hopp i det frå bryggene. Og for ungdomen, timesvis med moro på den flytande trampolina.

Ein liten pause frå badinga må til, og kva er vel då bedre enn vår store kasse med diverse uteleiker og spel for heile familien. Ja, og trampoline i hagen har me sjølvsagt òg.

Me serverer lunsj ute heile dagen, så ikkje ein gong det skal du måtte tenkja på. Strandliv på Brakanes er tipptopp!

Romma

Romma våre gir deg det perfekte utgangspunktet for ditt besøk i Hardanger. Me har mange ulike typar rom, alt frå enklare standardrom til større familierom, oppussa rom med vakker fjordutsikt og suitar.

Er du i Hardanger for fyrste gong, anbefaler me sjølvsagt våre rom med balkong og fjordutsikt. Her kan du verkjeleg ta inn omgjevnadane.

Nb! Om du har med deg din firbeinte ven, må du oppgje dette ved bestilling då me har eit svært begrensa antal rom der ein kan ha hund med seg. Ver venleg å ta direkte kontakt med oss.

Opplev Noreg på sitt vakraste