Fruktblomstring

Kvar vår skjer det noko vedunderleg i Hardanger som du berre ikkje kan gå glipp av.

Mai-juni

Gratis

Mai-juni
Gratis

Fruktblomstring i Hardanger – eller bløming som det heiter lokalt

Kvar vår vaknar frukttrea til live etter ein lang vinter i dvale. Sakte men sikkert utover våren kjem knoppane til syne medan dei lengtar etter sol og varme så dei får springa ut i full blom.
Folk har i årevis kome langvegs frå for å oppleva dette fargerike fenomenet. Og det er ikkje utan grunn.

Det er ikkje alltid like enkelt å svare nøyaktig på når bløminga skjer kvart år, men nokre tips skal me likevel gje.

I Ulvik, som ligg innerst i Hardanger startar ofte bløminga ei til to veker seinare enn lenger ute i fjorden, som til dømes i Sørfjorden. Tidspunktet avheng av temperaturen tidlegare på våren.
Me pleier sei at den sikraste tida for å oppleve bløminga i Ulvik vil vera frå 15.mai til 25.mai, men det vil stort sett alltid vera tre som blømer både før og etter dette.
Bløminga varer vanlegvis i 3-4 veker. Plommer og moreller blømer fyrst, deretter dei tidlegaste eplesortane og så følger dei ulike eplesortane på utover i mai.
Om det har vore ein fin vår med ein del sol og varme, startar bløminga tidleg i mai. Om det har vore ein kald vinter og vår, startar bløminga seinare, frå om lag 10. mai og kan vare ei veke ut i juni.

Samstundes som frukttrea står i blom, er også epla som vart hausta i fjor og gjort om til edle dråpar, klar til smaking i mai. Også dei har brukt vinteren på å godgjera seg på flaske og i store tankar.
I Ulvik har me tre gardar som utgjer Frukt-og siderruta som du kan gå heile året rundt. Langsmed ruta er du omgitt av titusenvis av frukttre.

Om sommaren har dei faste omvisningar kvar dag, og er du del av ei gruppe kan de bestilla omvisningar heile året gjennom. Alle gardane har utsal av alt dei produserer, både saft, sider og sterkare saker, samt pølser og spekemat, syltetøy og mykje meir.
Her kan du spasere rundt i timesvis, og om sommaren kan du og få servert både mat og drikke på tunet med aldeles vakker utsikt utover fjorden og bygda.


Video: Visit Hardangerfjord

Romma

Romma våre gir deg det perfekte utgangspunktet for ditt besøk i Hardanger. Me har mange ulike typar rom, alt frå enklare standardrom til større familierom, oppussa rom med vakker fjordutsikt og suitar.

Er du i Hardanger for fyrste gong, anbefaler me sjølvsagt våre rom med balkong og fjordutsikt. Her kan du verkjeleg ta inn omgjevnadane.

Nb! Om du har med deg din firbeinte ven, må du oppgje dette ved bestilling då me har eit svært begrensa antal rom der ein kan ha hund med seg. Ver venleg å ta direkte kontakt med oss.

Opplev Noreg på sitt vakraste