Frå fjord til høgfjell på sykkel

Sykle langs fjorden inn til den idylliske bygdegrenda Osa. Finn roen eller fortset heile vegen opp til høgfjellet.

Sommar

Gratis

Sommar
Gratis

Frå fjord til høgfjell på sykkel

I Ulvik anbefaler me sykkeltur langs fjorden til Osa. Sykle innover i bygda langs fjorden og fruktgardar og inn til Osafjorden som er ein av dei 3 inste fjordarmane i Hardanger.

I Osa kan du slappe av ved fjorden, fiska frå bryggekanten, gå tur i Norddalen og besøka den vesle kaféen som sel belgiske vafler.

Er du av den spreke sorten, kan du sykla til toppen av Osafjellet. Vegen i seg sjølv er ei oppleving.

Tips

Sykle langs fjorden inn til den idylliske bygdegrenda Osa. Finn roen eller fortset heile vegen opp til høgfjellet.

Sommar

Gratis

Ha lys på sykkelen/hovedlykt i eit par mørke tunnelar.

Kart

Sykle langs fjorden inn til den idylliske bygdegrenda Osa. Finn roen eller fortset heile vegen opp til høgfjellet.

Sommar

Gratis

Sjå rute

Avstand og tid

Sykle langs fjorden inn til den idylliske bygdegrenda Osa. Finn roen eller fortset heile vegen opp til høgfjellet.

Sommar

Gratis

Frå hotellet til Osa er det ca. 10 km der ein syklar gjennom bygda, over ei lita høgd og ned langs Osafjorden. Frå Osa til Osafjellet er det ca. 15 km der det stort sett berre går oppover. Turen til Osafjellet er ikkje for pyser.

Sesong

Sykle langs fjorden inn til den idylliske bygdegrenda Osa. Finn roen eller fortset heile vegen opp til høgfjellet.

Sommar

Gratis

Til og frå Osa kan ein sykla heile året, men opp til fjellet varierer brøytinga. Vanlegvis vert det brøytt til påske, og turar frå mai til september er fine. Sjekk gjerne status med Ulvik turistkontor om du planlegg tur tidleg eller seint i sesongen.

Romma

Romma våre gir deg det perfekte utgangspunktet for ditt besøk i Hardanger. Me har mange ulike typar rom, alt frå enklare standardrom til større familierom, oppussa rom med vakker fjordutsikt og suitar.

Er du i Hardanger for fyrste gong, anbefaler me sjølvsagt våre rom med balkong og fjordutsikt. Her kan du verkjeleg ta inn omgjevnadane.

Nb! Om du har med deg din firbeinte ven, må du oppgje dette ved bestilling då me har eit svært begrensa antal rom der ein kan ha hund med seg. Ver venleg å ta direkte kontakt med oss.

Opplev Noreg på sitt vakraste