Kurs & konferanse

Vi hjelper deg med å skreddersy ditt arrangement, alt etter behov og budsjett.

Konferansesenteret

Konferansesenteret har fasilitetar for både små og store møter og konferansar og topp moderne teknisk utstyr. I tillegg til vår nyoppussa plenumssal (400 m2) har vi mange møterom og grupperom for mindre arrangement.

Kapasitet

  • Sal A: 100 i klasseromsoppsett / 135 i kinooppsett / 135 i amfi
  • Sal B: 100 i klasseromsoppsett / 115 i kinooppsett
  • Sal A/B: 280 i kinooppsett med eller utan amfi
  • Sal A/B (bankett): 280 på langbord
  • Rom 43: 40 i klasseromsoppsett / 55 i kinooppsett
  • Grupperom: 3 grupperom med plass til høvesvis 35, 20 og 15 personar
  • Fellesareal: Store og fleksible lokale med gode moglegheiter for messe/utstilling

Rom 43 kan òg delast inn i 5 mindre grupperom med plass til ca. 10 personar.

Fasilitetar

  • Projektor og lerret + mikrofonar og myggar i sal A/B  – storsalen har òg teleslynge
  • Projektor og lerret i alle møte- og grupperom
  • Flipover og whiteboards
  • Berbar PC til utlån
  • Kaffi/te/vatn

Vi hjelper deg

Vi samarbeider tett med lokale aktørar og kan by på ei rekke spanande aktivitetar og opplevingar knytta til arrangementet og oppmuntrar alle våre gjester til å sette av litt tid til å oppleve det Ulvik har å by på.

Vi hjelper deg med å sette saman det perfekte arrangementet og organiserer alt i frå museumsbesøk, sidersmaking, ribbåt-tur, glasblåsing og lagbyggingsaktivitetar. Spør oss om råd så sett vi saman eit opplegg tilpassa ditt budsjett og behov. Arrangementet ditt er i trygge hender hos oss.

Send førespurnad

Send oss ei melding og fortel oss litt om arrangementet ditt, så kjem vi tilbake til deg.

    Eg ynskjer å få tilsendt info om hotellets aktivitetstilbod.

    Eit besøk til Hardanger er ikkje komplett utan ein tur innom Frukt- og siderruta eller brevandring på Hardangerjøkulen.

    Romma

    Romma våre gir deg det perfekte utgangspunktet for ditt besøk i Hardanger. Me har mange ulike typar rom, alt frå enklare standardrom til større familierom, oppussa rom med vakker fjordutsikt og suitar.

    Er du i Hardanger for fyrste gong, anbefaler me sjølvsagt våre rom med balkong og fjordutsikt. Her kan du verkjeleg ta inn omgjevnadane.

    Nb! Om du har med deg din firbeinte ven, må du oppgje dette ved bestilling då me har eit svært begrensa antal rom der ein kan ha hund med seg. Ver venleg å ta direkte kontakt med oss.

    Opplev Noreg på sitt vakraste