Kunst og kultur

Alle opplevingar – Kunst og kultur

Heile året
Frå 1 500,- per person

Syse Glas – glasblåsing

Glasblåsar Silje Syse held til i det gamle handelslagsbygget i Ulvik sentrum med glasblåseri og utsal.

Silje har drive med glasblåsing sidan ho byrja som lærling i Bergen i 2006 og opna eige blåseri i Ulvik i 2015. Ho kombinerer glasblåsarjobben med livet som småbarnsmor og fruktbonde.

I blåseriet kan gjester få vera med på ulike aktivitetar som bestillast gjennom Silje på førehand. Du kan også droppa innom og vera med på kuleblåsing.

Demo + kuleblåsing

Silje held ein liten blåsedemo på ca. 30 minutt. Etterpå får de blåsa eigne kuler.

Minikurs for 2 pers

I løpet av omlag ein time får de ei bittelita innføring i glasblåsing og får prøve litt sjølv. Det er litt opp til ein sjølv kor mykje hjelp ein ynskjer, men me har som mål at det skal bli i allefall 1 glasprodukt til slutt.

Design ditt eige produkt

Du bestemmer form og farge på glaset. Hugs at glasblåsing er eit stort fag og at det er ikkje alt som kan lagast i alle blåseri. Det er fint om du har tenkt litt på førehand, men vent med sjølve designjobben til du er i blåseriet.

Gravering av skål

Du teiknar eller skriv på skåla og Silje graverer oppå strekane dine. Om du heller ynskjer noko anna enn ei skål, kan du finna eit anna produkt i butikken.

Prisar

Demo kuleblåsing: 1.500 kr inkluderer 4 kuler. 250kr per ekstra kule.

Under koronapandemien kan kun demo-delen av dette tilbudet gjennomførast. Prisen er då 750kr i opningstida og 1.500kr på ettermiddag/helg.

Minikurs 2 personar: 2.000kr

Dette er ikkje eit kurs som kan gjennomførast under koronapandemien

Design ditt eige produkt:

Stetteglas: 750kr

Vase: 950kr

Drikkeglas/skål: 500kr

Gravering av skål:

Pris: 500 kr (inkluderer ei fin skål i klart glas)

Vil du heller gravere på noko anna du finn i butikken, kostar gravering 150kr i tillegg til det produktet du har valgt kostar.

Aldersgrense

5 år. Born under 10 år må vera i fylgje med ein vaksen

Adresse

Tyssevikvegen 11, 5730 Ulvik

PS

PS! Glas vert forma og blåst ved høg varme og treng lang avkjølingstid for å ikkje sprekke. Produkta vert sett i ein avkjølingsomn som kjøler glasa sakte over natta og dei kan difor ikkje hentast før neste arbeidsdag. Har du ikkje mogelegheit til å henta, er det ikkje noko problem å sende i posten mot porto. Dei blir godt pakka!

Romma

Romma våre gir deg det perfekte utgangspunktet for ditt besøk i Hardanger. Me har mange ulike typar rom, alt frå enklare standardrom til større familierom, oppussa rom med vakker fjordutsikt og suitar.

Er du i Hardanger for fyrste gong, anbefaler me sjølvsagt våre rom med balkong og fjordutsikt. Her kan du verkjeleg ta inn omgjevnadane.

Nb! Om du har med deg din firbeinte ven, må du oppgje dette ved bestilling då me har eit svært begrensa antal rom der ein kan ha hund med seg. Ver venleg å ta direkte kontakt med oss.

Opplev Noreg på sitt vakraste

Heile året
100,- per person

Olav H. Hauge-senteret

Du kjenner kanskje diktet «Det er den draumen»? Olav H. Hauge skreiv dette diktet som NRK har kåra til beste dikt gjennom tidene. Slett ikkje verst for fruktbonde og diktar å vera.

Berre eit steinkast frå Brakanes Hotel finn du Olav H. Hauge-senteret der du kan utforska den verdskjende Ulvik-poeten sitt liv og oppdaga lyrikk på nye og spanande måtar. Her fins aktivitetsbaserte utstillingar, lyrikkbibliotek, poesiverkstad, museumsbutikk, kafé i kjellaren og «Kattejakt» for dei minste. Bestiller du omvising kan du òg få sjå filmen om Hauge.

Kart og parkering

Ligg i gåavstand frå hotellet.

Prisar

Vaksne 100 kr. Born gratis. Omvisning for grupper i og utanfor opningstidene kan bestillast gjennom Haugesenteret eller hotellet.

Kapasitet og tid

Januar-april: Tysdag-fredag 10.00-15.00.
Mai-september: Tysdag-fredag 10.00-15.30 og laurdag-søndag 11.00-16.00 .
Oktober-desember: Tysdag-fredag 10.00-15.00

Passar for

Born og vaksne i alle aldrar, barnehagar og skuleklassar, undervisningspersonale.

Romma

Romma våre gir deg det perfekte utgangspunktet for ditt besøk i Hardanger. Me har mange ulike typar rom, alt frå enklare standardrom til større familierom, oppussa rom med vakker fjordutsikt og suitar.

Er du i Hardanger for fyrste gong, anbefaler me sjølvsagt våre rom med balkong og fjordutsikt. Her kan du verkjeleg ta inn omgjevnadane.

Nb! Om du har med deg din firbeinte ven, må du oppgje dette ved bestilling då me har eit svært begrensa antal rom der ein kan ha hund med seg. Ver venleg å ta direkte kontakt med oss.

Opplev Noreg på sitt vakraste

Heile året
Gratis

Handelslaget held til i same lokala som turistkontoret og Syse Glas, og er ein utsalsplass for handverk, kunst og lokalproduserte smakar i regi av Ulvik Næringslag.

Dette samlingslokalet med Turistkontoret i spissen, vart for nokre år sidan kåra til det som måtte vera Noregs beste Turistkontor.

Her kan du handle varer samstundes som du vert kjent med tradisjonar som blir halde i hevd av dei som bur i bygda, alt frå syltetøy og strikkejakker til vev, keramikk og biletkunst.

Opningstider

Ope kvar dag i sommarsesongen og utvalde dagar elles i året. Oppdaterte opningstider finn ein på Ulvik Næringslag si Facebook-side, eller Ulvik Turistinformasjon.

Romma

Romma våre gir deg det perfekte utgangspunktet for ditt besøk i Hardanger. Me har mange ulike typar rom, alt frå enklare standardrom til større familierom, oppussa rom med vakker fjordutsikt og suitar.

Er du i Hardanger for fyrste gong, anbefaler me sjølvsagt våre rom med balkong og fjordutsikt. Her kan du verkjeleg ta inn omgjevnadane.

Nb! Om du har med deg din firbeinte ven, må du oppgje dette ved bestilling då me har eit svært begrensa antal rom der ein kan ha hund med seg. Ver venleg å ta direkte kontakt med oss.

Opplev Noreg på sitt vakraste

Heile året
Pris på forespørsel

Kvemmadokkje husmannsplass

Kvemmadokkje er ein gamal husmannsplass som dei siste åra har blitt restaurert. Dei gamle husa er tatt vare på og det er sett opp eit grindbygg med kjøkken der ein kan ha matservering for om lag 50 personar. Her kan ein ha møter og samlingar, få forteling og omvisning på garden, få servert enkle måltid og kombinera det med til dømes lagbygging ute på bakkane med Vossamoro.

I Kvemmadokkje vert det arrangert utandørs konsertar og kulturarrangement, og store namn som Arja Sajonmaa, Åse Kleveland, Leif Ove Andsnes og Alexander Rybak er mellom dei som har hausta stor applaus på bøane med utsikt over bygda.

Kart

Tilkomst og parkering

Kvemmadokkje ligg på Børsheim, 5 km frå sentrum i Ulvik. Ein tek av riksveg 572 etter om lag 4 km, og held fram på Byrsevegen 1 km til ein er framme på garden. God parkering.

Passar for

Lag og pensjonistgrupper, dei med interesse for historie og firma som vil kombinera møte i flotte omgivelsar med enkel servering av typisk gardskost, lagbygging med Vossamoro på tunet eller turar i nærområdet.

Bestilling for grupper

Bestilling via kvemmadokkje.no

Romma

Romma våre gir deg det perfekte utgangspunktet for ditt besøk i Hardanger. Me har mange ulike typar rom, alt frå enklare standardrom til større familierom, oppussa rom med vakker fjordutsikt og suitar.

Er du i Hardanger for fyrste gong, anbefaler me sjølvsagt våre rom med balkong og fjordutsikt. Her kan du verkjeleg ta inn omgjevnadane.

Nb! Om du har med deg din firbeinte ven, må du oppgje dette ved bestilling då me har eit svært begrensa antal rom der ein kan ha hund med seg. Ver venleg å ta direkte kontakt med oss.

Opplev Noreg på sitt vakraste

Opplev Noreg
på sitt vakraste