Fasilitetar

I idylliske Ulvik kan du finne roa enten du skal overnatte ei helg, feire bryllaup eller arrangere kurs eller konferanse.

Hage og uteområde

Brakanes Hotel ligg nydeleg til ved fjorden i sentrum av Ulvik. Her kan du slikke sol på stranda, spele kubb, prøve fiskelykka og få servert alt i frå enkle smårettar til 3-rettars matopplevingar medan borna kastar småstein i fjorden.

Heilt i fjordkanten finn du eit idyllisk lite område med boblestamp og badstu; perfekt etter ein lang fjelltur eller berre fordi du fortener det. Her kan ein samlast rundt bålpanna og nyta slåande utsikt i godt lag året rundt.

I det nyrestaurerte badehuset like ved, finn du garderobe og utedusj, men du kan også bruka fasilitetane innandørs.

Kjem du med båt må du gjerne legge til ved ein av kaiane, gi oss gjerne ein lyd i forkant så tek vi deg godt imot!

Våre barar

Bar Après i resepsjonen er open alle dagar og serverer det du måtte ha lyst på, gjerne frå det lokale sortimentet.

Vaskeriet Pub er ope stort sett annakvar laurdag og ved særskilde høve.

Dansebaren Sara&Marta er open ved særskilde arrangement og høver godt i samband med bryllaup, jolebord og andre større arrangement. Her er det plass til om lag 200 stk.

Treningssenter

Ulvik Treningssenter ligg kun 200 meter frå hotellet og er eit komplett treningsstudio som byr på gratis åtgang for alle gjestene våre. Treningssenteret har også eige solarium. Kontakt resepsjonen for nøkkel.

Aromaterapi

Skjem deg sjølv bort med eit besøk til spa-terapeuten vår, Anne Grethe. Vi tilbyr ei rekke deilige og avslappande behandlingar som aromaterapi-behandling, indisk kraniemassasje og hot-stone-massasje.

Basseng

Dersom du synes fjorden vert for kald, kan du nyte ein avslappande dukkert i vårt innandørs basseng.

Peisestova

Opp trappa frå resepsjonen finn du peisestova vår, der du kan slappe av med ei bok eller sjå TV.

Fjordsalongen

Eit roleg og staseleg lokale med utsikt mot hagen og fjorden. Perfekt for å samlast til aperitiff eller bespisning. Her har vi bordsete for inntil 60 personar eller mingleområde for rundt 100 personar.

Eit besøk til Hardanger er ikkje komplett utan ein tur innom Frukt- og siderruta eller brevandring på Hardangerjøkulen.

Romma

Romma våre gir deg det perfekte utgangspunktet for ditt besøk i Hardanger.

Opplev Noreg på sitt vakraste