Haustoppleving i Hardanger_innlegg

Opplev Hausten på Brakanes Hotel

Hausten i Hardanger byr på like fortryllande inntrykk som våren. Bli kjend med dei edle dråpane frå Vest, opplev vandring i eplehagane eller sidersmaking på dei lokale gardane. No får du overnatting i rom med balkong og fjordutsikt i tillegg til 3-retters middag med eit glas sider til kvar rett.
Tilbodet gjeld til 15. November

Hausten er til for å nytast! Der våren byr på bløming og buldrande fossar, byr hausten på vakkert fargespel i fjorden og, ikkje minst, innhausting av fantastiske råvarer.

No får du overnatting i nokre av våre flottaste rom inkludert 3-retters middag med drikke i restaurant Draumen.

Pris for dobbeltrom med sjøutsikt og balkong: kr. 1.350,- per natt inkl. 3-retters middag/drikke og frukost.

lux-room

Stå opp til fjordutsikt

Overnatt i moderne og nyoppussa rom og ta morgonkaffien på balkongen med panoramautsikt over Hardangerfjorden. Me tør påstå det knapt finst betre måtar å byrje dagen på!

laks-2

3-retters i Restaurant Draumen

Restaurant Draumen byr på nydeleg, kortreist mat laga på råvarer i sesong. Her er det kort veg frå jord til bord! Med kvar rett følger også eit glas med god drikke – me har mykje å by på, men når du først er i Hardanger er det sjølvsagt sider som framstår som det obligatoriske valet for mange.

Bestill no

Slapp av og nyt gode måltid og vakker utsikt på Brakanes Hotel i kombinasjon med sidersmaking og museumsbesøk.

    Opplev Norge på sitt vakreste