Utlån og utleige

Hjå oss kan du låne og leige det som trengs for eit endå kjekkare opphald.

Året rundt

Varierer

Året rundt
Varierer

Me tilbyr utlån og leige av mangt og mykje som kan gjera opphaldet i Ulvik endå kjekkare.

Utforsk bygda med el-sykkel, laug deg i boblestamp og badstove på kaien, prøv padlebrett (SUP-brett), ro deg ein tur på fjorden og prøv fiskelukka eller berre finn deg til rette ved stranda og lat ungane leika i vasskanten eller på den flytande trampolina.

Det kan vera lurt å ta kontakt med hotellet på førehand for å reservera tid, særleg i stamp og basseng. El-syklane, SUP-bretta og kajakk pleier stort sett å gå greit på omgang gjennom dagen, men ring oss gjerne om du vil vera heilt sikker.

ANGR tilbyr også leige av kajakkar på hotellområdet. Selskapet har kajakkar til leige ved båthuset vårt. Betaling via app. Redningsvest får du låna i resepsjonen.
Dei tilbyr også skreddarsydde opplevingar med guide; det vera seg fotturar og kajakkturar, alt etter kva du måtte ynskje. Dei kjenner naturen vår inn og ut, og er trygge å planlegga flotte opplevingar med. Ta ein kikk innom nettsida deira.
www.angr.no

Prisar

Hjå oss kan du låne og leige det som trengs for eit endå kjekkare opphald.

Året rundt

Varierer

Kajakk inkl. flytevest (1-manns + 2-manns): kr 100,- per person per time

Robåt inkl. flytevest (maks 4 pers):

  • Gratis for hotellets gjester.
  • kr 100 per person per time for besøkande.

Sup-brett inkl. flytevest (2 stk.): kr. 100,- per person per time

Basseng:

  • Gratis for hotellets gjester.
  • kr 100,- for besøkande.

Badestamp: kr. 100,- per pers per time (Barn til og med 15 år gratis i følge med foreldra)

Badstove: Kr. 100,- per pers per time (Barn til og med 15 år gratis i følge med foreldra)

Badestamp og badstove: kr. 150,- per pers per time. (Barn til og med 15 år gratis i følge med foreldra)

Bålpanne på kaien i tilknyting stampen: kr 200,-

El-syklar (2 stk.): kr 100,- per person per time

Romma

Romma våre gir deg det perfekte utgangspunktet for ditt besøk i Hardanger. Me har mange ulike typar rom, alt frå enklare standardrom til større familierom, oppussa rom med vakker fjordutsikt og suitar.

Er du i Hardanger for fyrste gong, anbefaler me sjølvsagt våre rom med balkong og fjordutsikt. Her kan du verkjeleg ta inn omgjevnadane.

Nb! Om du har med deg din firbeinte ven, må du oppgje dette ved bestilling då me har eit svært begrensa antal rom der ein kan ha hund med seg. Ver venleg å ta direkte kontakt med oss.

Opplev Noreg på sitt vakraste