Tur og friluftsliv
Mektige fjordlandskap og storslått natur gir deg eit ypperleg utgangspunkt for dei sterke opplevingane.
Utvalde turar i Ulvik
Kvasshovden
Sumar 5 timar 7,5 km
Ein storslått tur som tek deg frå 0 m.o.h. til 1065 m.o.h. på 7,5 km. Lønna på toppen er ein fantastsik utsikt over fjordlandskapet. Turen opp Kvasshovden går i ulendt terreng og kan væra utfordrande, men til gjengjeld får du ein fantastisk utsikt som løn for strevet. Kvart år vert det også arrangert Kvasshovden Opp – Noregs vakraste motbakkeløp.
Frystetjørn
Sumar 3 timar 12 km
Turen til Frystetjørn går gjennom lune skogsstiar og er ein populær tur for dei som ikkje ynskjer å gå for langt opp i høgda. Turen til Frystetjørn gjev flotte utsyn over Ulvik, Vassfjøro og fjorden. Er du heldig kan du òg sjå hjort og tiurleik.
Solsævatnet
Sumar 2 timar 7 km
Ein lettare gåtur inn til Solsævatnet. Solsævatnet ligg i Ulvik kommune ca. 380 meter over havet og er ein tur som passar for dei aller fleste med relativt flatt terreng og gode grusstiar.
Jonstøl
Sumar 2 timar 4 km
På Jonstøl har det vore sommarstøl sidan 1952, i dag vert den hovudsakleg nytta til saueverksemd og beiting. Turen er ikkje lang, men kan væra bratt enkelte stader.
Ossete i Osa
Sumar 4-6 timar 6 km
Frå Osa går turen til Ossete, ein idyllisk sumargard på 600 meters høgde. Turen til Ossete kan væra utfordrande med bratt terreng. Stien er godt markert og byr på flotte utsyn ut over dalane, fossefall og elver. Hugs fjellsko!
Utvalde turar i Hardanger
Oksen
Sumar 7 timar 12 km
Frå Oksen har ein storslått utsikt 360 grader til nesten heile Hardanger, til både fjord og fjell: Samlafjorden, Sørfjorden, Eidfjorden, Granvinsfjorden, fjellområda på Voss og i Hardanger.
Denne turen kan nesten alle ta, om ein tar seg nok tid til stigninga.Oksenhalvøya stikk ut i Hardangerfjorden frå nordsida.
Dronningstien
Sumar 8-9 timar 16 km
Dronningstien er oppkalla etter H.M. Dronning Sonja som sjølv er ein erfaren turgåar. Dronningstien er ein av favoritturane til dronning Sonja, og går i høgfjellet mellom Kinsarvik og Lofthus. Dronningstien er ein flott tur som byr på fantastiske utsikter, men den er òg lang og forholdsvis krevjande. Turen tek deg gjennom skog, fjell og frukthagar i ferda frå Kinsarvik og Lofthus på oppmerka stiar.
Kjeåsen
Sumar 2,5-4 timar 2 km
Turen startar på Sæ i Simadal v/Statkraft (parkering ved Sima Kraftverk). Herifrå tek ein til venstre mot fjorden og til Kjeaneset. Kjeaneset er naustplassen til Kjeåsen. Stien tek av til høgre og snor seg bratt opp over fjellsida.
Fottur til Vøringsfossen
Sumar 1-1,5 timar 1,2 km
Sjå store vassmengder stupa 182 m frå Hardangerviddaplatået ned i Måbødalen. Opplev Vøringsfossen på nært hald. Sjå fossen stupe ned frå Hardangerviddaplatået. Kjenn vannspruten i ansiktet. Detteer ein spektakulær tur gjennom vilt landskap.
Trolltunga
Sumar 10-12 timar 27 km
Noregs finaste utsikt? Trolltunga er ein av dei mest imponerande fjellformasjonane på Vestlandet. Turen tek 10 til 12 timar, men du blir belønna med ein spektakulær utsikt du seint gløymer.
Trolltunga ligg 1 100 meter over havet og er ein lang og forholdsvis krevande tur. Turstien er godt merka med skilt, men turen tek mellom 10 og 12 timar og vert anbefala for folk som er i god form og som er vant med å gå lengre turar. Skikkeleg utstyr er naudsynt, og helst bør ein ha gode fjellsko og turklede og sjølvsagt rikeleg med mat og drikke. Dersom du ikkje er fjellvant anbefalar vi at du hyrer inn ein erfaren guide.
Turar til Trolltunga er primært ein sumaraktivitet, men det finst også guida ski- og trugeturar om vinteren for dei som ikkje er redd for ei utfordring.
Folgefonna
Heile året 5-6 timar
Folgefonni Breførarlag tek deg med på guida brevandring over Folgefonna.
Brevandring trenger ikkje være ekstremsport! Folgefonni Breførarlag tek deg med på ein tur heilt utanom det vanlege der du får sjå kraftige naturprosessar på kloss hald samstundes som du får eit innblikk i lokalhistoria til området.
Transport til og frå Folgefonna og leige av utstyr vert også tilbydd.
Romma
Romma våre gir deg det perfekte utgangspunktet for ditt besøk i Hardanger.
Recent Comments