Sykkelturar
Nyt spektakulært fjordlandskap med majestetiske fossar og idylliske fruktgardar frå sykkelen.
Sumar
Opplev Hardanger frå sykkelsetet
Det finst knapt ein betre måte å oppleve Hardanger på enn frå sykkelsetet. Nyt turen i ditt eige tempo mens du utforsker sidevegar, besøker fruktgardar og nyter den vakre naturen.
Det er mogleg å leige syklar frå Turistkontoret. Henvend deg i resepsjonen for meir informasjon.
Utvalde turar
Osa og Osafjellet
I Ulvik anbefaler me sykkeltur langs fjorden til Osa. Sykle gjennom bygda, fruktgardar og ned til Osafjorden som er ein av dei 3 inste fjordarmane i Hardanger.
I Osa kan du slappe av ved fjorden, fiska, gå tur i Norddalen og besøka den vesle kaféen som sel belgiske vafler.
Er du av den spreke sorten, kan du sykla til toppen av Osafjellet. Vegen i seg sjølv er ei oppleving.
Tips: ha lys på sykkelen/hovedlykt i eit par mørke tunnelar.
Espelandsdalen
Sykle til Espelandsdalen i Ulvik og ev. ned til Granvin.
Flott natur og fleire plassar ein kan pause på undervegs, til dømes ved vatnet.
Tek av av ved Sotenos kan du sykla til Solsævatnet langs grusveg.
Eidfjord
Sykle langs fjorden ut frå Ulvik til Hardangerbrua. Dette er ein attraksjon i seg sjølv.
Sykle vidare til Eidfjord der du kan eta lunsj på systerhotellet vårt Quality Hotel Vøringfoss.
Har du meir å gå på, ein tur til Norsk Natursenter i Eidfjord.
Hardangervidda
Er du av den spreke sorten, kan ein dagstur til Hardangervidda og kan henda heilt til Geilo frista. Flott og skiftande landskap, frå fjord til fjell!
For fleire turforslag: visitnorway.no og hardangerfjord.com
Romma
Romma våre gir deg det perfekte utgangspunktet for ditt besøk i Hardanger.
Recent Comments