Hardanger Fjordsafari RIB

Fart, spenning og naturopplevingar står i fokus når du deltek på fjordsafari med RIB-båt.

Året rundt

Frå 450,-

Året rundt
Frå 450,- per person

Hardanger Fjordsafari RIB

Hardanger Fjordsafari tilbyr opplevingar med rib-båt på Hardangerfjorden. Turane går hovudsakeleg frå Eidfjord Hamn (30 min med bil frå Ulvik, ev. båt om sommaren), men flyttar midlertidig til andre hamner på forespørsel.

Det vanlege er ein times rundtur med nokre stopp undervegs. Frå Eidfjord kan ein sjå Sima Kraftverk, fjellgardane Kjeåsen og Skår samt forteljing om Hardangerjøkulen. Frå Ulvik vil den dramatiske forteljinga om Bruravik vera i fokus, saman med den mektige Hardangerbrua, fossefall og dyreliv.

Ein kan også bestilla i samband med fjellturar eller som sidertur til ein eller fleire sidergardar lenger ute i fjorden, for eksempel Alde eller Åkre Gard på Nå, ein times tid kvar veg.

NB! I pandemi-tid må du vera fri frå kjente Covid-19 symptom, og heller ikkje kvalifisere til karantene eller isolasjon i tråd med retningslinjene til FHI og/eller WHO.

Bestilling

Fart, spenning og naturopplevingar står i fokus når du deltek på fjordsafari med RIB-båt.

Året rundt

Frå 450,-

Kan gå gjennom hotellet dersom det er grupper over 7 pers, eller direkte med Hardanger Fjordsafari.

Prisar og kapasitet

Fart, spenning og naturopplevingar står i fokus når du deltek på fjordsafari med RIB-båt.

Året rundt

Frå 450,-

2 båtar med plass til 12 personar i kvar. Plassbegrensingar kan førekoma.

Ein times rundtur kostar kr 720,- for vaksne og kr 450,- for born frå Ulvik hamn.

Minimum 7 deltakarar for køyring frå Ulvik. Alternativt bestille turen frå Eidfjord om ein ikkje kjem opp i minimumstal.

Praktisk

Fart, spenning og naturopplevingar står i fokus når du deltek på fjordsafari med RIB-båt.

Året rundt

Frå 450,-

Oppmøte ca. 30 min før for oppkledning og brief. Ha gode, flate sko på.

Høgdepunkt

Fart, spenning og naturopplevingar står i fokus når du deltek på fjordsafari med RIB-båt.

Året rundt

Frå 450,-

Hardangerbrua, mulighet for å sjå niser og ørn og hente drikkevatn i fossefall.

Passar for

Fart, spenning og naturopplevingar står i fokus når du deltek på fjordsafari med RIB-båt.

Året rundt

Frå 450,-

Alle deltakarar må være over 1 meter høge, og dei som er 14 år eller yngre må vera i fylgje med ein vaksen kvar. Ingen alkoholpåvirkning.

Romma

Romma våre gir deg det perfekte utgangspunktet for ditt besøk i Hardanger. Me har mange ulike typar rom, alt frå enklare standardrom til større familierom, oppussa rom med vakker fjordutsikt og suitar.

Er du i Hardanger for fyrste gong, anbefaler me sjølvsagt våre rom med balkong og fjordutsikt. Her kan du verkjeleg ta inn omgjevnadane.

Nb! Om du har med deg din firbeinte ven, må du oppgje dette ved bestilling då me har eit svært begrensa antal rom der ein kan ha hund med seg. Ver venleg å ta direkte kontakt med oss.

Opplev Noreg på sitt vakraste