Frukt- og siderruta

Frukt- og siderruta

Tre eplegardar, tre smaksopplevingar. Frukt- og siderruta inkluderer Hardanger Saft- og Siderfabrikk, Syse Gard og Ulvik Frukt & Cideri som alle ligg langs same veg og byr på velsmakande og håndlaga sider og frukt.

Heile året 3 timar

Siderslepp

Når våren kjem til Hardanger og epletræra er i full blomst, er det duka for siderslepp i Ulvik. Her får du oppleve omvisning på gardane langs Frukt- og siderruta og smaksprøvar av årets sider samt lokale frukt- og kjøttprodukt. På Brakanes Hotel står det både ureist og kortreist mat på menyen.

Hardanger Saft- og Siderfabrikk

Hardanger Saft- og Siderfabrikk er ein tradisjonell fruktgard som produserer eplemost, sider og eplebrennevin. Garden ligg på Lekve i Ulvik og har også restaurant som kan servere grupper på inntil 80 personar. Garden arrangerer omvisning der du får sett garden og produksjonslokala. Du lærer om fruktproduksjonen på garden og får servert smaksprøvar.

Syse Gard

Gro og Hans er femte generasjon som driv Syse Gard sidan 1888 og byr på omvisningar der dei forteller historia om garden og om frukt- og kjøttproduksjonen. Det blir også smaksprøvar og høve til å besøke gardsutsalget der du kan kjøpe alt i frå bringebærsyltetøy og plommer til eplemost og tørka frukt.

Ulvik Frukt & Cideri

Ulvik Frukt & Cideri er ein familiebedrift på den solrike garden Hakastad i Ulvik. Her dyrkar dei epler som vert foredla til nydeleg eplemost og sider. Omvisninga tek for seg historia til garden og produksjon av eplemost og sider. Det blir også høve til å smake dei ulike sidertypane.

Romma

Romma våre gir deg det perfekte utgangspunktet for ditt besøk i Hardanger.

Opplev Noreg på sitt vakraste

Recent Comments

    Archives

    Categories