Knalltilbod på familierom

Opplev Hardanger i sommar!

Knalltilbod på familierom frå kr. 400,- per pers voksne/barn dersom de bur i minimum 2 netter. Begrensa antal rom.

Gjeld på alle våre hotell; Hardangerfjord Hotel, Brakanes Hotel og Quality Hotel Vøringfoss.

91060958_3679392188768432_7588704967146340352_o

Hardangerfjord Hotel

Med Hardangerbadet vegg-i-vegg og fjord rett utanfor vindauget, er nyopna Hardangerfjord Hotel ypparleg for deg som er glad i å ta deg en dukkert. Her er det òg kort veg til Spildegarden der du kan smake noko av det beste Noreg har å by på av sider. I tillegg finn du Hardanger Golfklubb like i nærleiken samt Kunsthuset Kabuso. I restauranten Glime kan du nyte kortreist mat laga på lokale råvarer i sesong.

101070786_10157334738875841_1744851474980012032_o

Brakanes Hotel

Innerst i Hardangerfjorden ligg Brakanes Hotel omkransa av fjord og fjell.  I Ulvik kan du finna ro eller aktivitet som passar både store og små, og hotellet ligg midt i smørauga for opplevingar i heile regionen, både Hardanger, Voss og Sogn. På hotellet kan du låna båt for å fiska, padla på sup-brett, eta kortreist og slappa av i den store hagen eller i boblestampen på bryggekanten. Kjenn litt på å vera i Hardanger; hopp i frisk fjord og laug deg på den splitter nye vann-trampolina som ligg og duppar ved badestranda vår. Du kan òg låna sykkel og besøka Frukt-og siderruta, der du kan sykla mellom frukttrea og smaka saft og sider frå beste frukt. Besøk Olav H. Haugesenteret og bli betre kjent med poeten bak det som NRK har kåra til tidenes beste dikt; Det er den draumen. Eller ta beina fatt og opplev det vakre fjordlandskapet på din veg til naturperler som Oksen, Ossete, Kjeåsen og Dronningstien.

91743046_4342214535804627_7419344210412699648_n

Quality Hotel Vøringfoss

Siste stopp på rundturen i Hardangerfjorden er Quality Hotel Vøringfoss. Hotellet ligg omkransa av mektig natur og er eit perfekt utgangspunkt for deg som ynskjer å oppleve Hardangervidda . Her kan du få hesteskyss, få guida turar i fjellet og oppleve lokal matkultur med besøk til bakeverkstaden. I samband med Beset Adventures kan du òg oppleve elvepadling, rafting, fossefallhopp og breturar.

Den perfekte Norgesferien

I Hardanger får du oppleve Noreg på sitt beste med mektig natur og  varierte friluftsaktivitetar. Kombinert med den rike matkulturen basert på lokale råvarer får du ei oppleving du seint vil gløyme. Enten du vil rafte i elva eller sykle mellom epletrea – Hardanger byr på spanande opplevingar for både store og små.

Book i dag

Knalltilbod på familierom frå kr. 400,- per pers voksne/barn dersom de bur i minimum 2 netter. Begrensa antal rom.

Hotella du ynskjer innom: Hardangerfjord HotelBrakanes HotelQuality Hotel Vøringfoss

Opplev Norge på sitt vakreste

Hjarteleg velkommen til oss – Vi følgjer bransjestandard for smittevern for å gi deg eit trygt opphald. Følg oss gjerne på Facebook for oppdateringar.