Blues-weekend

Vi inviterer deg til Blues-weekend på Brakanes Hotel 06.03 – 08.03 2020!

Program

Fredag

19:00-21:00 – Middag

21:00 – Dørene åpnar i kongressen

22:00 – Adam Douglas

24:00 – Stròk

Lørdag

13:00-14:30 – Lunsj

16:00-17:30 – Gratiskonsert i foajeen med Olav Undeland og Ulvik Kulturskule

19:00-21:00 – Middag

20:30 – Dørene åpnar i kongressen

21:00 – Vossarebells

22.30 – Howlin Jukes

00:15 – Kokken Tor

dalegaarden blues company

Adam Douglas

Adam Douglas er ein norsk-amerikans artist, fødd i Oklahoma me  i dag busett på Hadeland. Då han var 8 år nærast ramla han inn på ei scene og har aldri forlete den.

Adam Douglas song seg heim hjå det norske folk i Stjernekamp i 2018. Han er den sjenerte mannen som blir eit fyrverkeri på scena, som hentar inspirasjonen frå soulmusikkens største stjerner. Han let den store stemma konkurrere med merksemda frå sin eigen gitar. Slik kompletterer han sitt eige musikalske uttrykk i eit forrykande liveshow som aldri er det same to gonger.

Det er ikkje kvar dag me har artistar av hans kaliber på scena i Ulvik, men det er på sin plass når me i 2021 feirar 20-årsjubileum for denne helga.

bergen blues band

Stròk

Dette blir ein skikkeleg festkveld! Med Stròk på scena er det duka for irsk punk-rock og kjente poplåtar med trøkk som tek deg ut på dansegolvet til siste strok over gitarstrengane er tatt.

Stròk har spelt på mange scener det siste tiåret og er kjent for å laga stemning!

Ein til! Ein til! Ein til!

Vokalist og gitarist Knut Arve Hakestad var på den tida då Blueshelga kom til, direktør ved Brakanes Hotel. Det er på sin soleklare plass at han og bandet entrar scena denne kvelden, 20 år etter.

Olav Undeland

Olav Undeland og Ulvik Kulturskule

Me vil gi våre unge og lovande ei scene å stå på. Dette vert tredje året elevane frå Ulvik Kulturskule får utfalda seg på ei scene som skil seg frå skulescena dei elles er vande med å stå på.  Her får me alt frå hardrock til visesang, lyse guttestemmer og røffe riff, under leiing av Erlend Styve, som gjerne bidreg litt sjølv også.

Olav, Ulvik sin eigen bluesartist, født og oppvokst i fruktbygda, busett på Voss. Eit fast og kjærkomme innslag på programmet i mange år. Han spelar stort sett eige materiale, men grev djupt i arkivet når han gjer tributt til store blues-legender som Mississippi John Hurt og Robert Johnson. Med glimt i auge og gode historiar undervegs, blir dette ei storarta musikalsk oppleving frå unge og erfarne artistar.

Kan hende vert sonen Anders med denne gongen og?

baljelauget

Vossarebells

Dei 3 gutane som no snart er som menn å rekna, har vore trufaste i stil og musikkart sidan dei var ein del år yngre. Me hugsar bassisten som omtrent forsvann bak kontrabassen og som tidvis klatra opp på den og rocka strengene som ein aldri før hadde sett.

No har dei gjeve ut sitt andre album med rockabilly låtar, og me gler oss til gjensyn med desse dyktige vossagutane!

Ei oppleving perfekt for dei med svingskjørt og lakksko!

eric slim zahl

Howlin Jukes

Howlin Jukes vart starta i 2012 og består av dyktige artistar som har vore i gamet ei stund.

Repertoaret består av musikk frå mellom andre CC Top, Fleetwood Mac og Rolling Stones, store band med kjent musikk.

Helgas siste bluesband på scena leverer til siste nikk før Kokken Tor overtek.

twang gang

Kokken Tor

Kokken Tor er eit norsk coverband band med hyllest til rockemusikken!

Med eit repertoar som består av det absolutt beste innan norske rockeslagerar, fangar dei publikum i si hule hand og tek dei med på ein hardtslåande hitkonsert med låtar frå Dum Dum Boys, deLillos, Jokke og Valentinerne, CC Cowboys, Ingenting og Postgirobygget m. fleire.

Bandet består av musikarar med bakgrunn frå mange år på vegen i forskjellige band. I tillegg til eit energisk sceneshow er Kokken Tor kjend for å gje det dei har for at lokalet skal koke opptil fleire gongar før arrangøren kuttar straumen! Bandet har de siste årene jobbet seg opp et rykte for å være det «galneste» og «råeste» norskrock partybandet som ruller langs norske veger

Priser

Pris per dobbeltrom fredag til søndag med alle måltid og billetter inkludert  fra kr. 6 600,- 

Pris per enkeltrom fredag til søndag med alle måltid og billetter inkludert fra kr. 3 300,-

Bli med på Blues-weekend!

For kortere opphold, kontakt hotellet direkte på mail eller telefon.

Opplev Norge på sitt vakreste