Julebord i Hardanger
På Brakanes Hotel kan du feire avslutninga på året omkransa av fjord og fjell, kjekke opplevingar heile helga, god mat og levande musikk.
På Brakanes Hotel kan du feire avslutninga på året omkransa av fjord og fjell, kjekke opplevingar heile helga, god mat og levande musikk.
Maten er tradisjonsrik, handlaga og kortreist. Nyt pinnekjøtt og rullepølsa røykt i eldhuset på tunet rett utanfor. Råvarene kan knapt verta mindre verdsvante før dei vert foredla til deilig julemat på kjøkkenet vårt.
Me skreddarsyr opphaldet ditt enten du vil lene deg tilbake med eit glas og nyta utsikten eller vil ut og oppleve det bygda byr på.
Vi hjelper deg å gjere julebordet til ei oppleving. Høyr gjerne med oss kva anna vi kan finne på av aktivitetar til julebordet ditt.
Lørdag 27.11 ladar me opp til julebord med konsert med Bjørn Berge. Konserten er i regi av Lyden av Ulvik og billettar kjøpast på TicetCo. Konserten startar 17.00.
Levande musikk kvar laurdag i julebordsesongen frå kl. 22.00.
Vakn opp til utsikt over mektig fjord frå eit av våre nye balkongrom, nyoppussa i moderne, nordisk stil i 2018. Vi har både enkle og doble rom med utsikt over bygd og gardar eller fjord og fjell.
Turen til Ulvik er ei oppleving i seg sjølve og slyngar seg kringom fjell og mellom fjord frå Bergen. Vi hjelper deg sjølvsagt med transport til følget ditt.
Weekend
3 130,- per person i dobbeltrom
3 730,- per person i enkeltrom
Prisen inkluderer trerettars middag (ikkje julemat) fredag kveld, frukost og julebordsbuffet + dans laurdag og frukost søndag.
Laurdag til søndag
1 570,- per person i dobbeltrom
1 870,- per person i enkeltrom
Prisen inkluderer julebordsbuffet lørdag + dans og frukost søndag.
Kun julebord (utan overnatting)
695,- per person
Prisen inkluderer julebordsbuffet + dans.
Lunsj kan bestillast på hotellet eller i samband med omvising på ein av gardane langs Frukt- og Siderruta.
Send oss ei melding og fortel oss litt om arrangementet ditt, så kjem vi tilbake til deg.