Blues-weekend

Vi inviterer deg til Blues-weekend på Brakanes Hotel 06.03 – 08.03 2020!

Program

Fredag

19:00-21:00 – Middag

21:00 – Dørene opnar i kongressen

21:30 – Dalegaarden Blues Company

23:30 – Bergen Blues Band

Laurdag

13:00-14:30 – Lunsj

16:00-17:30 – Gratiskonsert i foajeen med Olav Undeland og Ulvik Kulturskule

19:00-21:00 – Middag

21:00 – Dørene opnar i kongressen

21:30 – Baljelauget – konsert og utlodning

22:45 – Eric Slim Zahl

00:30 – Twang Gang

dalegaarden blues company

Dalegaarden Blues Company

Dalegaarden Blues Company består av Tommy Kristiansen, Lars Christian Folkvord og Bjørn Sæther. Desse tre har både kvar for seg og saman,  turnèrt Noreg og verda rundt med dei største artistane vi har i Noreg, til dømes Kurt Nilsen. I tillegg vil du nok dra kjensel på dei frå fleire store produksjonar på TV, til dømes Stjernekamp, Idol mm. Når dei no slår seg saman som «DBC», er det blues som står i fokus. Gamle låtskattar fra BB King, JJ Cale, samt Hendrix’ skjulte perler frå Band Of Gypsis-perioden er låtar dei boltrar seg med.

«DBC» kan garantera ein eksplosiv festkveld, og du kjem garantert til å kosa deg med desse gutta på scena!

bergen blues band

Bergen Blues Band

John Magnar Bernes fikk kallenavnet `Hungry John` då han sulta som gatemusikant i London, tidleg på 70-talet. Han har spelt på Brakanes mange gonger, men denne gongen i lag med gutta i Bergen Blues band, slik dei spelte i lag på 1970 og -80 tallet, med hitlåtar som «Jump`n Shout`n Dance», «Another Blues» og «Meanest Blues« m.fl.

Bergen Blues Band har gitt ut tre plater på EMI og parallelt med dette gjennomførte Bernes to turnèar med Pete York fra Spencer Davis Group. Låtane vart radiospelt verda rundt, og var på hitlistene i fleire land.

Det er dags for litt god, gamal blues på scena!

Olav Undeland

Olav Undeland og Ulvik Kulturskule

Me vil gje våre unge og lovande ei scene å stå på. Elevane frå Ulvik Kulturskule gjorde stor suksess i fjor, og det er ingen grunn til å ikkje gjenta noko som vert sett så stor pris på. Her får me alt frå hardrock til visesong, ljose gutestemmer og røffe riff, under leiing av Erlend Styve, som gjerne bidreg litt sjølv og.

Olav, Ulvik sin eigen bluesartist, fødd og oppvaksen i fruktbygda, busett på Voss. Eit fast og kjærkome innslag på programmet i mange år. Han spelar stort sett eige materiale, men grev djupt i arkivet når han gjer tributt til store blues-legender som Mississippi John Hurt og Robert Johnson. Glimt i auge og gode historiar undervegs, vert dette ei storarta musikalsk oppleving frå unge og erfarne artistar.

baljelauget

Baljelauget – konsert og utlodning

Baljelauget – heilnorsk Americana med baljebass, hardingfele og stusselege viser på tvangsrim. Hjerte, smerte, tull og vås møter slåttespel i trainbeat! Garantert godstemning!

Kvartetten frå Voss er det einaste orkesteret i landet som i fullt alvor nyttar baljebass (sinkbalje, kosteskaft og ei snor!)

Er du heldig kjem du frå det med ein premie av godt eller litt dårleg slag.

eric slim zahl

Erik Slim Zahl

Ambisjonen er å videreføra dei flotte tradisjonane og musikken frå 50-tallet – med sitt eige og meir rocka uttrykk. Eric Slim Zahl framfører musikken sin med humor, musikalsk dyktighet og TRØKK. Zahl er både spellemannsnominert og Europamester i Blues, og vann European Blues Challenge 2016. Det er ein skikkeleg meister me har på scena! Det er berre å gle seg!

twang gang

Twang Gang

Twang Gang har gjennom dei siste 20 åra vore fast leverandør til den norske konsertscena. Gjennom tallause jobbar i alt frå store festivalar til små, brune klubbscener har Twang Gang levert fest og gaman til folket. Samarbeidet med Heine Totland kjenner dei fleste godt til.

Eit uttrykk som ofte har blitt brukt er at «desse gutane er ute av stand til å IKKJE levere». Dei byr på ei salig blanding av ur-rock’n roll og nyskrivne ting som fint smeltar saman i i den symbiosa som ei konsertoppleving skal være.  Så om det ein gong rykker i rockefoten eller du har lyst på ein kveld friteken frå alle andre bekymringar så ta tak.

Prisar

Pris per dobbeltrom fredag til søndag med alle måltid og billettar inkludert  frå kr. 6 600,- 

Pris per enkeltrom fredag til søndag med alle måltid og billettar inkludert frå kr. 3 300,-

Bli med på Blues-weekend!

For kortare opphald, kontakt hotellet direkte på mail eller telefon.

Opplev Noreg på sitt vakraste