Weekend-tilbod
Blomstringshelg 21.-23. mai 2021
Grunna koronasituasjonen og begrensa kapasitet på gardane, har Brakanes Hotel i år kun 50 plassar til Sidersleppet for sal gjennom oss.
Dersom me går tom, kan de bestilla overnatting hjå oss og billett til Sidersleppet direkte til Fruktsiderruta så lenge billettane rekk.
Frå 3 750,- per person i dobbeltrom
Frå 4 300,- per person i enkeltrom
Prisen inkluderer middag fredag, alle måltid laurdag med hardangermat om kvelden og frukost sundag. Prisen inkluderer òg Sidersleppet med transport til og frå. Du vandrar sjølv mellom dei tre gardane.
Konsert fredag kveld i regi av Olav H. Hauge-senteret er ikkje inkludert i pakkeprisen, men kan bestillast på haugesenteret.no.
Laurdag er det siderslepp langs gardane på Frukt- og Siderruta. På Syse Gard kan du også kjøpa mat, eller du kan stikka nedom bakeriet Kàdn og Alde som har både påsmurt og anna godt. Opplev fruktbløminga og siderkulturen på nært hald og kom i skikkeleg god stemning i lag med alle dei fleire hundre som vandrar langs ruta denne dagen.
Les meir på siderruta.no.
Weekend-tilbod
Ulvik poesifestival 2021
Poesifestivalen 2020 er flytta til 2021. Dei som hadde bestilt rom i 2020 kan flytta sine bestillingar til neste år og få same pris. Ta kontakt.
Dei populære artistane Kari Bremnes og Erlend Ropstad gjestar Ulvik poesifestival 3.–5. september. Dit kjem også poetane Casper Andrè Lugg og danske Mette Moestrup.
Ulvik poesifestival i Olav H. Hauge si heimbygd presenterer lyrikk i mange former. Det fullstendige programmet vert sleppt i midten av juni. – Songlyrikken skal ha ein sentral plass i poesifestivalen sitt program.
Send førespurnad
Send oss ei melding og fortel oss kva pakke du ynskjer, så kjem vi tilbake til deg.