Arrangement og pakketilbod

bluesweekend

Weekend-tilbod

Blues-weekend 6.-8. mars 2020

Weekendpakke

Frå 3 300,- per person i dobbeltrom med billettar og måltider
Frå 3 800,- per person i enkeltrom med billettar og måltider

Kun fredag

Frå 2.000 per pers i dobbeltrom med billettar, middag og frukost

Frå 2.300 i enkeltrom med billettar, middag og frukost

Kun laurdag

Frå 2.100 per pers i dobbeltrom med billettar, middag og frukost

FRå 2.400 i emkeltrom med billettar, middag og frukost

 

Vi inviterer deg til Blues-weekend på Brakanes Hotel! Artistane som kjem er Dalegaarden Blues Company, Bergen Blues Band, Olav Undeland og Ulvik Kulturskule, Baljelauget, Erik Slim Zahl og Twang Gang.

Weekend-tilbod

Blomstringshelg 22.-24. mai 2020

Frå 3 550,- per person i dobbeltrom
Frå 4 100,- per person i enkeltrom

Prisen inkluderer middag fredag, alle måltid laurdag med hardangermat om kvelden og frukost sundag. Prisen inkluderer òg Sidersleppet med transport til og frå. Du vandrar sjølv mellom dei tre gardane.

Konsert fredag kveld i regi av Olav H. Hauge-senteret er ikkje inkludert i pakkeprisen, men kan bestillast på haugesenteret.no. Dette året er det Valkyrien Allstars som spelar.

Laurdag er det siderslepp langs gardane på Frukt- og Siderruta. På Syse Gard kan du også kjøpa mat, eller du kan stikka nedom bakeriet Kàdn og Alde som har både påsmurt og anna godt. Opplev fruktbløminga og siderkulturen på nært hald og kom i skikkeleg god stemning i lag med alle dei fleire hundre som vandrar langs ruta denne dagen.

Les meir på siderruta.no.

ciderrute

Weekend-tilbod

Oktoberhelg
2.-4. oktober 2020

3 300,- per person  i dobbeltrom
3 800,- per person i enkeltrom

Prisane inkluderer middag fredag, alle måltid laurdag med hardangermat om kvelden og frukost sundag. Prisen inkluderer òg Fruktsleppet, der du blir frakta til valfri gard langs Frukt- og Siderruta for omvising.

Stor loppemarknad og auksjon, torg, lokalmat, aktivitetar for dei minste, fruktslepp med besøk på valfri gard langs Frukt- og Siderruta, pub og live musikk, Hardanger-mat m.m. Ei helg som bognar av gode smakar og nære opplevingar.

oktoberhelg

Weekend-tilbod

Jolebord 28. november – 12. desember

Weekend

3 490,- per person  i dobbeltrom
3 990,- per person i enkeltrom

Prisen inkluderer trerettars middag (ikkje jolemat) fredag kveld, jolebord og dans til levande musikk og frukost sundag. Lunsj kan bestillast på hotellet eller i samband med utflukt feks til Syse Gard som skapar herleg førejolsstemning.

Kun laurdag

1 845,- per person i dobbeltrom
2 045,- per person i enkeltrom

Prisen inkluderer jolekviss laurdag ettermiddag, jolebord og dans til levande musikk og frukost sundag.

Lunsj kan bestillast på hotellet eller i samband med omvising på ein av gardane langs Frukt- og Siderruta.

Gjer årets jolebord til ei heilt unik oppleving du og dine seint vil gløyme. Hos oss kan du feire avslutninga på året omkransa av fjord og fjell, med rimdryss frå furu og utsikt til spegelblank fjord. Mykje av maten er produsert med stoltheit i eige kjøkken eller røykt i eldhuset på tunet.

julebord

Send førespurnad

Send oss ei melding og fortel oss kva pakke du ynskjer, så kjem vi tilbake til deg.

Opplev Noreg på sitt vakraste