Trolltunga

trolltunga

Trolltunga er ein av dei mest spektakulære fjellformasjonane i Noreg.

Juni - september

Gratis

Juni - september
Gratis

Trolltunga ligg 1100 moh. om lag 700 meter over Ringedalsvatnet. Her er fantastisk og luftig utsikt! Turen er lang, krevjande og går i høgfjellet. Frå Ulvik til startpunkt for turen er det omlag 2t å køyre.

Det er merka sti til Trolltunga. Frå parkeringsplass P2 i Skjeggedal (hovudstartpunktet) er det 28 km t/r, ein høgdeskilnad på ca. 1200 m og estimert gangtid er 10-12 timar tur/retur. Turen kan og starte frå P1 i Tyssedal og P3 på Mågelitopp. Det går og shuttle-bussar mellom Odda og Skjeggedal, og mellom parkeringsplassane P1, P2 og P3.

Langs stien til Trolltunga er det skilt som viser kor langt du har gått og kor langt det er att. Det er 4G- dekning med Telenor-nett store delar av turen. Fotturen til Trolltunga er anbefalt frå starten av juni (avhengig av når snøen smeltar) og ut september.

Det er viktig å vurdere om ein er i god nok form og har godt nok utstyr. All naturbasert aktivitet er på eige ansvar. Er du uerfaren med krevjande fjellturar bør du være med på guida tur. Trolltunga Active og Trolltunga Adventures tilbyr guida turar. Frå 16. februar kan ein bli med på guida truge- eller skitur med Trolltunga Active.

Sesong

trolltunga

Trolltunga er ein av dei mest spektakulære fjellformasjonane i Noreg.

Juni - september

Gratis

1. juni – 30. september.

Frå 1. oktober – 31. mai med guide.

Parkering

trolltunga

Trolltunga er ein av dei mest spektakulære fjellformasjonane i Noreg.

Juni - september

Gratis

Mot avgift.

Gradering

trolltunga

Trolltunga er ein av dei mest spektakulære fjellformasjonane i Noreg.

Juni - september

Gratis

Ekstra krevjande.

Romma

Romma våre gir deg det perfekte utgangspunktet for ditt besøk i Hardanger. Me har mange ulike typar rom, alt frå enklare standardrom til større familierom, oppussa rom med vakker fjordutsikt og suitar.

Er du i Hardanger for fyrste gong, anbefaler me sjølvsagt våre rom med balkong og fjordutsikt. Her kan du verkjeleg ta inn omgjevnadane.

Nb! Om du har med deg din firbeinte ven, må du oppgje dette ved bestilling då me har eit svært begrensa antal rom der ein kan ha hund med seg. Ver venleg å ta direkte kontakt med oss.

Opplev Noreg på sitt vakraste